Portrettintervju Stine Sem Kristoffersen - Alumni
- Om NTNU Alumni
-
Alumniportrett
- Rune Sørås
- Endre Jo Reite
- Joachim Kjesbu
- Inger Anne Tøndel
- Marius Herberg
- Ana Capetillo
- Mari Liavaag Holm
- Reid-Are Pedersen
- Aud Charlotte Ullestad
- Timothy Afful-Koomson
- Stine Sem Kristoffersen
- Eva Gullvåg Wermuth
- Linda L. Aase
- Lasse Gråberg
- Christer Aannestad
- Vilde Coward
- Celine Sandberg
- Magnus Arveng
- Bjørn Simonsen
- Mariam Kaynia
- Jan-Ole Hesselberg
- Haibo Chen
- Amritha Ballal
- Eivind Fjeldstad
- Anna Sara Fjeld
- Biraj Singh Thapa
- Guri Melby
- Hans Erik Eidem
- Silje Strøm Solberg
- Malin Friman
- Øyvind Storesund Hetland
- Yngvild Egenes
- Fredrik Mordal Hessen
- Ane Ryttervoll Kvamshagen
- Kristine Mjelde Solevåg
- Ingrid Sørum Melaaen
- Monica Havskjold
- Remi Eriksen
- Bjørn Haugstad
- Kristina Brend
- Hilde Tonne
- Sonia Ahmadi
- Kontakt
- Bibliotektjenester
- Personvern (GDPR)
- FAQ - Alumni
- Spel kvarandre gode
- Spel kvarandre gode
Du kan ikkje vere ekspert før du har byrja. Pågangsmot og vilje til å kaste seg ut i ting som først kjennest noko utrygt, har hjelpt Stine Sem Kristoffersen til å ta videreutdanning.
Stilling: Vatn- og avløpsingeniør i Structor Vestfold
Utdanning:
- Bygningsinformasjonsmodellering (BIM) ved NTNU, 2021 - 2022
- Byggingeniør ved Høgskolen i Telemark, 2010 - 2013
Bli medlem i Alumni du også!
- Tilværet som vidareutdanningsstudent er hektisk, men fint. Eitt av goda er at ein får eit stort nettverk. Eg har hatt stort utbytte av nettverket i jobben, i tillegg er det hyggeleg å bli kjend med andre med same interesser, seier Stine Sem Kristoffersen.
Dei siste åra har ingeniøren, som jobbar med vatn og avløp ved bedrifta Structor Vestfold, kvart semester teke eit eller fleire emne i den erfaringsbaserte mastergrada i veg og jernbane.
Set pris på fleksibilitet
Sem Kristoffersen meiner at noko av det viktigaste ho har lært som vidareutdanningsstudent er evna til å prioritere: å kunne sjonglere tida mellom full jobb, små barn og studiane.
- Ein må vere til stades i det ein driv med der og då, då blir ein òg meir effektiv.
Kvar veke lagar ho studieplanar for å få ei god oversikt over når ho kan setje av tid til å studera. For å få mest mogleg utbytte av forelesingane, førebur ho seg godt og prøver å vere så aktiv som mogleg.
- Hadde det ikkje vore for at studieløpet er så fleksibelt og at ein sjølv kan velja kor mange emne ein vil gape over kvart semester, hadde eg ikkje kunna gjort det, seier Sem Kristoffersen, som fleire gonger nemner kor stor pris ho set på fleksibiliteten i utdanningsopplegget. Planen er å ha mastergrada på plass mot slutten av 2023.
- Ikkje stress med å ta ein mastergrad
Mange studentar er opptekne av å bli ferdige med utdanninga så fort som mogleg og tek mastergrad like etter bachelor. Sem Kristoffersen trur ikkje at det finst berre éi oppskrift på kva som er best, men erfaringa hennar er at det kan vera lurt ikkje å ta alt i ein jafs.
- Eg trur det kan vere lurt å jobba ein periode etter at ein har teke bachelor. Då får ein et klarare bilete av kva ein eigentleg vil og kva som engasjerer ein.
Ein fordel ved å ta ein erfaringsbasert mastergrad er moglegheita for å bruke den nye kunnskapen samtidig som ein er i jobb, meiner ho. Ho synest òg at det er lettare å knyte teori opp mot praksis når ein har arbeidserfaring. Då ho byrja å studera like etter vidaregåande, syntest ho ikkje det var like lett å forstå samanhengane og nytten i det ein lærte.
Samarbeid er tingen
Store delar av studietida til Sem Kristoffersen har vore digital på grunn av pandemien, og ho har sakna det å kunna vera på samlingar og møte andre. I nokre av faga har dei likevel fått danna små grupper og møttest på Teams for å diskutere oppgåver og innleveringar. Sem Kristofferesen trur nemleg at for å lykkast, både i studiar og jobb, er samarbeid vegen å gå.
- Du kan få til mykje åleine òg, men som eit team stiller ein sterkare fordi ein får eit breiare perspektiv og har betre erfaringsgrunnlag. Noko av det viktigaste eg har lært i arbeidslivet, er at ein kan få til det meste berre ein samarbeider og spel kvarandre gode.
Les mer om studiet for Bygningsinformasjonsmodellering
Klimaendringane krev nye løysningar
Meir ekstremnedbør og flaum er av dei største konsekvensane av klimaendringane i Noreg. Som vass- og avløpsingeniør ved Structor Vestfold jobbar ho mykje med å oppgradere vass- og avløpssystemet for kommunar slik at det skal tole endringane.
- Me jobbar med infrastrukturprosjekt som har mål om å halde dei neste 100 åra. Det er kjekt å vere med å forme infrastrukturen rundt oss, å lage løysingar som har mykje å seia for samfunnet både her og no og i framtida, seier Sem Kristoffersen.
Lagar grøne oasar
Men det er ikkje berre røyr og betong ho sysselset seg med.
- Det handlar om å bruke alt dette vatnet til noko positivt. Me jobbar òg med å skape grøne oasar og opne bekkar og vassvegar i ein elles asfaltprega by, det er gøy.
- Kvar er du om fem år?
- Om fem år håper eg at eg framleis får vere med og lage overvassplanar for norske kommunar, og å prosjektere utbygging av nye bustadfelt og nye samferdselsprosjekt i både liten og stor skala, seier Sem Kristoffersen.
Tekst: Lisbet Jære