Kvinnehelse, overgangsalder og arbeidsliv - Senter for omsorgsforskning

Kvinnehelse, overgangsalder og arbeidsliv
Professor Anette Fagertun frå Senter for omsorgsforsking skal vere med på å undersøkje kva for påverknad overgangsalderen har på kvinner, arbeidsliv og samfunn. Ho har til saman tjue millionar og fire år til rådvelde, saman med dei andre forskarane frå universitetet i Bergen.
Her kan du se saken omtalt på nrk.no.
Her kan du høyre saka omtala i Dagsrevyen (16:48).
Her kan du sjå kva Høgskulen på Vestlandet skriv om saka.
– Målet er å bidra til betre helse, betre helsetenester og ei berekraftig arbeidsdeltaking for kvinner i overgangsalder, seier Anette Fagertun.
Regjeringa sitt kvinnehelseutval har peika på behovet for forsking på kva rolle overgangsplager spelar i arbeidslivet og korleis overgangsalderen påverkar kvinners fysiske, psykiske og sosiale helse.
Prosjektet som Fagertun no er ein del av blir finansiert av Grieg Foundation. Her skal forskarane undersøkje korleis kvinner i ulike sosiale posisjonar opplever overgangsalder, korleis helsevesenet møter og forstår overgangsalderen, og samanhengar mellom overgangsalder og kvinners sjukefråvær og utgang frå arbeidslivet.
Dette prosjektet er det første store forskingsprosjektet om overgangsalder i Noreg.
Nedprioritert tematikk
– Me veit frå internasjonal forsking at om lag ein tredjedel av kvinner har store helseproblem i overgangsalder, men me veit lite om overgangsalder i forhold til både sjukemelding og fråfall frå arbeidslivet i norsk kontekst. Dels er dette på grunn av systemet og kategoriane me i dag har for sjukemelding, men dels også fordi overgangsalder framleis er eit stillegjort emne som også er tabubelagt. Kvinnehelse er ein nedprioritert tematikk i forsking, politikk og helsevesen, seier Fagertun.
Ho forklarar kva dei skal studere.
– I høve overgangsalder er me særskilt opptatt av verknader av natur-kultur dikotomien i samfunnet og for den einskilde kvinna. Overgangsalder vert i stor grad konstruert som natur, altså som noko naturleg knytt til kvinner si aldring, men implikasjonar av denne «naturlegheita» for kvinner, helsevesen og arbeidsliv er lite belyst i forsking og særs lite i norsk kontekst, fortel Fagertun.
Blant anna vil forskarane samanlikne Noreg med Danmark og Storbritannia.
– I dette prosjektet vert komparasjon brukt i arbeidspakka som eg leiar for å samanlikne offentlege dokument, som for eksempel stortingsmeldingar men også offentleg ordskifte og debatt, som angår kvinners helse. Storbritannia, og særskilt England, er valt fordi dei ligg føre Noreg på til dømes dette med arbeidsgjevarpolitikk på overgangsalder og Danmark er valt fordi dei har eit liknande velferdssystem som Noreg men med sterkare trekk av privatisering.
Anette Fagertun skal leia ei arbeidspakke med kvalitative studiar.
Familie, fastlege og arbeidsliv
– Me skal bruke intervju, fokusgruppeintervju og dokumentanalyse.
Målet er å finne ut av korleis kvinner i overgangsalder erfarer det å være i overgangsalderen i relasjon til familie og venar, i forhold til helsevesenet og særskilt fastlegen, og i forhold til arbeidslivet. I høve arbeidslivet har me fått med oss to kommunale helse- og omsorgstenester på Vestlandet. Dette er kvinnedominerte arbeidsplassar, og me er interessert i korleis overgangsalder vert handsama her. Eit fjerde mål er å finne ut korleis fastlegar erfarer møter med kvinner i overgangsalder, og kva dei ser som kan fremje eller hindre god helsehjelp til denne gruppa, seier Anette Fagertun.
Professor Anette Fagertun er tilknytt Senter for omsorgsforsking ved Høgskulen på Vestlandet.