MultiCare - Senter for omsorgsforskning
MultiCare. Eit prosjekt om sjukeheim som integrerings- og inkluderingsarena
MULTICARE er eit forskingsprosjekt finansiert av Noregs Forskingsråd (NFR), HelseVel, 2016 - 2020. Prosjektet blir leia av Senter for omsorgsforsking, vest (SOF V), HVL, og partnarar er NORCE Samfunn, Universitetet i Stavanger, Stavanger universitetssjukehus og The Netherlands Institute for Health Service Research (NIVEL).
Den kommunale helse- og omsorgssektoren er i aukande grad ein arena der innvandrarar og arbeidsmigrantar får arbeid, særleg kvinner. MULTICARE forskar i eit komparativt perspektiv på utvikling av, og arbeid i, dei kommunale helse- og omsorgstenestene i Noreg med særleg fokus på arbeid som ein 'integrerings-nøkkel' og arbeidsplassar som viktige arenaer for inkludering av innvandrarar. Meir spesifikt ser prosjektet på korleis sjukeheimar organiserer omsorgsarbeidet, tenestene og den multikulturelle staben. Sentrale spørsmål i prosjektet er: Kva typar av utfordringar og moglegheiter, organisatoriske, sosiale og eksistensielle, blir erfart av ulike aktørar i multikulturelle arbeidsfellesskap ved norske sjukeheimar? Kva praksisar, rutinar eller tiltak finst det på ulike nivå som er retta direkte mot desse utfordringane og moglegheitene? MULTICARE har fire arbeidspakkar med følgjande forskingsfokus; 1) Omsorgstenester ved sjukeheimar i urbane og rurale strøk, 2) Leiarskap og praksisar for integrering av etniske minoritetar i arbeidsfellesskap, 3) Kunnskap og trening av leiarar for multikulturell stab, 4) Kommunikasjon av, og praksisar knytt til, døden i multikulturelle og multireligiøse arbeidsfellesskap.
I MULTICARE har me funne at innvandrarar ofte arbeider i det lågaste sjiktet i omsorgssektoren, som assistentar og helsefagarbeidarar, og at det tek lang tid å formelt kvalifisera seg i den norske konteksten på grunn av krav til både kompetanse og talet på arbeidstimar i praksis. Dette fører mellom anna til at innvandrarar står lenge i prekære arbeidssituasjonar, men også at dei representerer ein type arbeidskraft og arbeidsstadstilknyting som kan føra til at arbeidsgjevar kan halda kostnadene nede. I forhold til arbeidsmarknaden som heilskap kan me hevda at det har vakse fram ei 'immigrant nisje' i det lågaste sjiktet av omsorgstenestene. Våre funn viser at nokon av dei minoritetstilsette opplever diskriminering på arbeidsplassen, noko som vil seie at etnisitet og/eller hudfarge vert gjort relevant i dagleg samhandling. Me har også funne at i samhandling på arbeidsplassen vart ikkje kompetanse primært relatert til nivå av utdanning. Kompetanse var også relatert til kva grad tilsette sin praksis demonstrerte profesjonell kunnskap om korleis å gje omsorg, til gode språkferdigheiter eller hardt arbeid for å oppnå dette, til interesse for å arbeide ved sjukeheimen, og, til at ein viste evne til å prioritere på eit slikt vis at alle plikter og gjeremål vart oppfylt. Alle desse momenta bana veg for ein type 'etnisk likestilling' og likeverd i arbeidsfellesskapa, ein prosess der leiarar spelte ei viktig rolle.
I MULTICARE har me funne at innvandrarar som jobbar i norske sjukeheimar kan oppleva at den moralske identiteten deira vert utfordra av at kjerneverdiar dei ber med seg frå heimlandet står i eit spenningsforhold til nokre av kjerneverdiane ved sjukeheimen, og at desse verdiane ikkje vert anerkjente av leiinga ved sjukeheimen. Det er til dømes inga systematisk innsamling av informasjon frå leiarane når det gjelder innvandrarane sin kulturelle bakgrunn. Funna viser også at helsepersonell med migrantbakgrunn i mange tilfelle knyter sterke kjenslemessige band til pasientane. Desse nære relasjonane er prega av ein gjensidig sårbarheit, og når pasienten døyr kan dødsfallet gå sterkt inn på helsepersonell med innvandrarbakgrunn. Forsking viser at kommunikasjon er meir enn språk. Dette kjem særskilt til syne i interaksjonen mellom minoritetstilsette og bebuarar, der det blir tydeleg at minoritetstilsette ofte manglar innhald for kommunikasjon i spesifikke situasjonar som krev kulturell kompetanse og felles referanseramme. Våre funn viser også at avgjerder tekne av leiarar på sjukeheimsavdelingane, som i hovudsak er frå majoritetsbefolkninga, tek leiarane sin norske kulturelle bakgrunn for gitt, noko som blant anna får konsekvensar for korleis vakter vert tildelte og korleis arbeidsoppgåver vert fordelt.
Kontaktinformasjon
Prosjektleiar Frode F. Jacobsen
Senter for omsorgsforsking, vest
E-post: frode.fadnes.jacobsen@hvl.no
Telefon 55 58 72 12 / 932 30 936
Prosjektkoordinator
Anette Fagertun
Senter for omsorgsforsking, vest
E-post: anette.fagertun@hvl.no
telefon 55 58 58 49