ISP - Senter for omsorgsforskning
ISP. Eit prosjekt for å utvikle feltet tenesteforsking
ISP står for ‘Institutional Strategic Project’ eller Institusjonsforankra Strategisk Prosjekt.
Dette strategiske og miljøbyggande forskingsprosjektet vil bidra til å utvikle tjenesteforsking som fagområde gjennom ei tverrfagleg og samanliknande utforsking av korleis tenestesamhandling er politisert, prioritert, modellert og opplevd på ulike nivå og av ulike aktørar i den norske velferdsstaten. Vi fokuserer meir spesifikt på korleis sosiale og strukturelle dynamikkar skapar vilkår for helse- og velferdstenestene og identifiserer forhold som har potensiale til å fremje berekraftige offentlege tenester og hemme det som kan ansjåast som uønska variasjonar relatert til tenesteutvikling og tenestesamhandling. Prosjektet er situert i eit av dagens paradoks som representerer ei samfunnsutfordring for alle europeiske stater. På den eine sida er det behov for å kutte i offentlege utgifter på grunn av reduserte offentlege inntekter i kombinasjon med eksisterande 'nøysomhetspolitikk', men på den andre sida aukar behovet for offentlege tenester på grunn av sosiale endringar som følgjer av blant anna den globale nedgangen i arbeid, auka migrasjon og ei aldrande befolkning.
I Noreg er det ein brei politisk semje om at grunnleggjande velferdstenester skal vere det offentleges ansvar og at borgarar skal ha universell tilgang til tenester av lik kvalitet. Dette legg eit stort press på dei som skal levere tenester. Helse- og omsorgssektoren er ein av sektorane som utgjer det institusjonelle landskapet i Noreg. Primærhelsetenestene er desentraliserte, eller kommunegjorde, og kommunane kan difor seiast å utgjere den institusjonelle ryggraden i staten. Denne ‘ryggraden’, eller meir spesifikt dei kommunale helse- og omsorgstenestene, er vårt startpunkt i prosjektet. Men, vi er òg opptekne av relasjonen mellom kommunale sektorar og tenester og spesialisthelsetenesten, av den større institusjonelle konteksten og av maktforhold som formar kommunane sine prioriteringar og vekting av tenestesamhandling. Vårt forskingsfokus i våre fire arbeidspakker dekkjer difor samla sett ei rekkje forhold som vil gi oss ny kunnskap om tenestesamhandling og faktorar som enten fremjar eller hemmar kommunal variasjon i dette. Desse inkluderer; a) det å undersøkje vilkåra for å utvikle berekraftige tenester, b) arbeidet som produserer tenester og dei systema arbeidet er omkransa av, c) organiseringa og styringa av kommunale tenester, d) kommunal og nasjonal praksis og politikk rundt tenestesamhandling, og e) lokale, nasjonale og internasjonale policy-trendar i helse- og omsorgsfeltet og korleis slike trender ‘reiser’.
Prosjektet er femårig og blir leia av Senter for Omsorgsforsking (SOF), vest, Høgskulen på Vestlandet (HVL). Prosjektet har fem nasjonale partnarar - SOF aust, sør, midt, nord og NORCE samfunn, og fire internasjonale partnarar - University of California San Fransisco, Aarhus Universitetet, Mittuniversitetet Sverige og Netherlands Research Institute for Healhservices Research.
Prosjektleiar
Anette Fagertun, Professor
Senter for omsorgsforsking, vest
E-post: anette.fagertun@hvl.no
Telefon: 55 58 58 49
Finansiering:
Noregs Forskingsråd, 2019 – 2024