Frivillighet artikkel

Frivillig arbeid i omsorgstenestene: Førekomst, former, samhandling med ansatte og potensial for fremtida

Prosjektsammendrag

Frivilligprosjektet vart gjennomført i perioden 2013-2018. Overordna mål for prosjektet var å skaffe kunnskap om frivillig, uløna innsats i dei kommunale omsorgstenestene i Noreg, med fokus på førekomst, former, samarbeid og potensial for framtida. Me studerte også uformell omsorg til personar utanfor eige hushald/familie og til nære familiemedlemmar.

Metode

Me samla i 2014 inn nasjonalt representative befolkningsdata om frivillig arbeid i omsorgssektoren. I 2015 gjennomførte me ei kartlegging av frivillige aktivitetar i sjukeheim og heimeteneste i eit representativt utvalg av 50 kommunar, og i 2016 gjorde me kvalitative intervju med 24 personar involvert i koordinering av frivillige aktivitetar i sjukeheim og heimebaserte tenester. I ei kvalitativ studie av uformell omsorg vart det over fleire år samla data om ni eldre tjenestemottakarar, med fokus på samspel mellom pårørande og personale i dei kommunale omsorgstenestene.

Resultat

Befolkningsstudien viste at berre 4,4 prosent av befolkninga i 2014 gjorde frivillig innsats på omsorgsområdet. I tillegg gav 20,1 prosent hjelp eller omsorg til familie eller vener med særskilte omsorgsbehov. Omrekna til årsverk svarar dette til 8 500 frivillige årsverk og 153 000 årsverk frå uformelle omsorgsgjevarar. Kvinner er meir tilbøyelege til å bidra i omsorgsarbeid enn menn, og deltaking i frivillig omsorgsarbeid er vanlegast blant dei eldste.

Kommuneundersøkinga viste at 83 prosent av enhetene hadde éin eller fleire aktivitetar med frivillig innsats. 79 prosent hadde kulturelle eller sosiale aktivitetar, 29 prosent trim eller fysiske aktivitetar, 27 prosent praktisk hjelp/transport, medan ein mindre del hadde andre aktivitetar. I timar utgjorde kulturelle og sosiale aktivitetar tre fjerdedelar av dei frivillige aktivitetane. Frivillige aktivitetar var meir utbreidt i sjukeheim enn i heimetenesta; blant sjukeheimane var det berre 7 prosent som oppgav at dei ikkje hadde nokon frivillige aktivitetar, medan talet var 30 prosent i heimetenesta.

Intervju med representantar frå frivillige organisasjonar og kommunale omsorgstenester viste at god utnytting av frivillige vart svekka av samordningsutfordringar mellom frivillige og fagfolk. Omsorgstenestene formulerte ofte praktiske og faglege premissar for frivillige aktivitetar, og dei ønska oversikt over dei frivilliges bidrag, oppmøtetid, kompetanse og eignaheit. Nokre aktivitetar krevde samordning, og friksjonar oppstod som følgje av uklåre arbeidsdelingar, meirarbeid for tilsette eller dårleg kommunikasjon mellom tilsette og frivillige. Avklaring av forventningar vart vurdert som viktig for å behalde frivillige.

Me fann også at sjølv om kontaktinformasjon til nærmaste pårørande var nedskrive, førelå det i liten grad rutinar for kontakt og samarbeid med pårørande, med mindre dei sjølve eller hjelpemottakaren tok initiativet til dette, eller den hjelpetrengjande mangla samtykkekompetanse. Lovverket har som intensjon å verne hjelpemottakaranes autonomi og sjølvbestemming og beskytte familien mot ansvar. Men desse barrierane kunne føre til at kontakten mellom tenestene og hjelpemottakaren først vart etablert når eit problem hadde oppstått. Gode samarbeidsrelasjonar oppstod oftare når partane hadde kjennskap og tillit til kvarandre. Studien viste at tilsette generelt ynskte meir kontakt med pårørande, utan at det betydde at pårørande skulle ta på seg fleire praktiske hjelpeoppgåver. Uformelle hjelparar ynskte generelt meir informasjon, både om tjenestetilbodet, men også om observasjonar og vurderingar frå tilsette.

Publikasjonar

Andfossen, N. B. (2020) Co-production between long-term care units and voluntary organisations in Norwegian municipalities: a theoretical discussion and empirical analysis. Primary Health Care Research and Development 2020 (1463-4236) Vol. 21. DOI: https://doi.org/10.1017/S1463423620000341

Skinner, M. S., Lorentzen, H., Tingvold, L., Sortland, O. E., Andfossen, N. B. & Jegermalm, M. (2020). Volunteers and informal carers’ contributions and collaboration with staff in Norwegian long-term care. Journal of Aging and Social Policy, 1-26. DOI: https://doi.org/10.1080/08959420.2020.1745988

Sortland, O. (2020).Fordeling av gaver og oppgaver. En praxeologisk studie av hjelpe- og utvekslingspraksiser mellom eldre med hjelpebehov, familien og ansatte i kommunal eldreomsorg(PhD), Universitetet i Bergen, Bergen.

Andfossen, N. B. (2019). Ulike typer frivillige i omsorgstjenestene – samstemt innsats eller mangfold til besvær? Tidsskrift for velferdsforsking, 22(1), 25-42. DOI: https://doi.org/10.18261/issn.2464-3076-2019-01-02

Lorentzen, H. & Skinner, M. S. (2019). Frivillige i omsorgssektoren – muligheter og barrierer. Tidsskrift for velferdsforsking, 22(1), 4-24. DOI: https://doi.org/10.18261/issn.2464-3076-2019-01-01

Tingvold, L. & Skinner, M. S. (2019). Challenges in the coordination of voluntary activities in long-term care services. International Journal of Care and Caring, 3(3), 339-358. DOI: https://doi.org/10.1332/239788219X15473078841850

Jegermalm, M., Hermansen, J. & Fladmoe, A. (2018). Beyond voluntary organizations and the welfare state: Patterns of informal helping in the Scandinavian countries.I:L. S. Henriksen, K. Strømsnes & L. Svedberg (red.),Civic engagement in Scandinavia: Volunteering, Informal Help and Giving in Denmark, Norway and Sweden(s. 95-11). Cham: Springer.

Lorentzen, H. & Tingvold, L. (2018). Frivillig innsats: Hindre i omsorgssektoren. Tidsskrift for omsorgsforsking, 4(2), 120-131. DOI: https://doi.org/10.18261/ISSN.2387-5984-2018-02-08

Skinner, M. S. (2018). Frivillige aktiviteter i omsorgstjenestene: Omfang, typer og organisering. Tidsskrift for omsorgsforsking, 4(2), 184-185. DOI: https://doi.org/10.18261/ISSN.2387-5984-2018-02-16

Skinner, M. S., Sogstad, M. K. R. & Tingvold, L. (2018). Voluntary Work in the Norwegian long-term Care Sector: Complementing or substituting formal Services? European Journal of Social Work, 22(6), 999-1011. DOI: https://doi.org/10.1080/13691457.2018.1462767

Tingvold, L. & Olsvold, N. (2018). Not just "sweet old ladies" - Challenges in voluntary work in the municipal long-term care services. Nordic Journal of Social Research, 9, 31-47. DOI: http://dx.doi.org/10.7577/njsr.2174

Andfossen, N. B. (2016). The potential for collaborative innovation between public services and volunteers in the long-term care sector.The Innovation Journal: The Public Sector Innovation Journal, 21(3), 1-21.

Andfossen, N. B. & Skinner, M. S. (2016). Frivillig innsats i omsorgssektoren.Tidsskrift for omsorgsforsking, 2(1), 59.

Kontaktperson

Marianne Sundlisæter Skinner, Førsteamanuensis

Senter for omsorgsforsking, aust

Telefon: 61135430

E-post: marianne.skinner@ntnu.no

Finansiering:

Noregs Forskingsråd

Referansegruppe:

Bjørg Dale, Professor, Senter for omsorgsforsking, sør
Torunn Hamran, Professor, Senter for omsorgsforsking, nord
Ingela Enmarker, Professor, Senter for omsorgsforsking, midt
Frode Fadnes Jacobsen, Professor, Senter for omsorgsforsking, vest
Aud Obstfelder, Professor, Senter for omsorgsforsking, aust