LeveHeleLivet - Senter for omsorgsforskning
Leve heile livet. Eit prosjekt om kvalitetsreforma for eldre
Senter for omsorgsforsking (SOF) er partner i det nasjonale støtteapparatet til Leve heile livet. Der inngår vi saman med Helsedirektoratet (HDIR) og Kommunenes Sentralforbund (KS). Senter for omsorgsforsking består av fem regionale sentre som i fellesskap svarer på oppdraget gitt av Helsedirektoratet. I oppdraget skal Senter for omsorgsforsking formidle eksisterande kunnskap om reformens hovudområde:
• Eit aldersvennleg Noreg
• Aktivitet og fellesskap
• Mat og måltider
• Helsehjelp
• Samanheng i overgangar
• Styring og leiing, kvalitet og innovasjon
Kunnskapen skal brukast av det regionale støtteapparatet, særleg Utviklingssentrene for sjukeheimar og heimetenester (USHT). Utviklingssentrene rettleier kommunane i lokalt endrings- og forbetringssarbeid, og Senter for omsorgsforsking vil bistå det regionale støtteapparatet i deira rettleiingsarbeid.
Senter for omsorgsforsking har ei prosessuell tilnærming til den overordna støttefunksjonen mot det regionale støtteapparatet. Det vil seie at det ikkje er Senter for omsorgsforsking sin oppgåve å tilby rettleiing til utvikling av lokale planarbeid i kommunane. Senter for omsorgsforsking sin oppgåve er å skaffe til vegen kunnskapen, og å bistå utviklingssentrene med å finne mogelege framgangsmåtar.
Prosjektet blir utført på oppdrag for Helsedirektoratet med ei førebels prosjektperiode på to år, frå januar 2019 til januar 2021. Kunnskapsoppsummeringar blir skrivne på kvar av dei fem sentra for omsorgsforsking.
Frode F. Jacobsen er ansvarleg for oppsummeringa om eit aldersvennleg Noreg, Marianne Eliassen er ansvarleg for oppsummeringa om aktivitet og fellesskap, Line Melby har ansvaret for oppsummeringa om mat og måltider, Betty-Ann Solvoll er ansvarleg for oppsummeringa om Helsehjelp, Terje Emil Fredwall har ansvaret for oppsummeringa om samanheng i overgangar, medan Kathrine Cappelen, Siri Andreassen Devik, Nina Beate Andfossen, Liv Jorun Solstad og Trude Hartvigsen er saman om ansvaret for oppsummeringa om styring og leiing, kvalitet og innovasjon. Karianne Orderdalen har prosjektleiinga saman med Aud Obstfelder.
Kontaktperson
Aud Obstfelder, Professor
Senter for omsorgsforsking, aust
E-post: aud.obstfelder@ntnu.no
Telefon: 952 46 791
Finansiering
Noregs Forskingsråd, 2019 – 2021