Om oss artikkel

Om oss

Senter for omsorgsforsking vart oppretta av Helse- og omsorgsdepartementet med bakgrunn i St.meld nr. 25 (2005–2006) og er etablert ved Universitetet i Tromsø, Nord universitet, Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Agder saman med Høgskolen i Sørøst-Noreg, og NTNU på Gjøvik. Dei fem sentra utgjer eit nasjonalt nettverk som blir koordinert frå Gjøvik.

Praksisnær

Senter for omsorgsforsking skal bidra til å styrkje praksisnær forsking og utvikling, drive forskingsformidling overfor kommunane og utdanningssektoren, og bidra til kompetanseheving innan kommunal helse- og omsorgsteneste. Senteret har eit særleg ansvar for samarbeid med og rettleiing av utviklingssentra for sjukeheimar og heimetenester. Senter for omsorgsforsking har knytt til seg ei gruppe på omlag 50 kommunar, dei såkalla omsorgsforskingskommunane, som saman utgjer eit representativt utval av norske kommunar.

Mandatet

Senteret sitt mandat er å samle, produsere, og formidle kunnskap om omsorg og omsorgsarbeid. Med «samle kunnskap» meiner vi at Senter for omsorgsforsking skal halde oversikt over relevant kunnskap innan fagfeltet, inkludert kunnskap om nye arbeidsmåtar. Senteret skal samle, oppsummere, og gjere kunnskapen tilgjengeleg, mellom anna gjennom Omsorgsbiblioteket. Med «produsere kunnskap» meiner vi å drive forsking, utviklingsarbeid, og innovasjonsarbeid innafor heile fagfeltet. Med «formidling av kunnskapen» meiner vi å spreie og gjere kjent relevant kunnskap gjennom ulike medium, slik at ho kjem til nytte for målgruppene våre.

Målgrupper

Målgruppene for Senter for omsorgsforsking er til dømes politikarar innan helse- og omsorgssektoren, prosjektleiarar som arbeider med helse- og omsorgsprosjekt i kommunen, leiarar og tilsette innafor helse- og omsorgstenesten, leiarar og studentar ved utdanningsinstitusjonar med helse- og omsorgsfag, ulike brukarorganisasjonar, sjukepleiarar og andre velferdsprofesjonar, samt andre forskingsmiljø og akademia.

Leiande fagmiljø

Senter for omsorgsforsking skal vere landets leiande fagmiljø innafor sitt fagfelt, både når det gjeld forsking, kunnskapsoversikt, og formidling. Senteret skal også vere ein internasjonal aktør innafor sitt område. Det skal drive praksisnær, tverrfagleg, og uavhengig forsking på, og for, helse- og omsorgssektoren.

Aktivitet

Senter for omsorgsforsking er geografisk plassert i Nord-Noreg, Midt-Noreg, Vestlandet, Sørlandet, og Austlandet. Som ein del av eit fagleg fellesskap samarbeider sentra om ein nasjonal forskingskonferanse kvart anna år, felles deltaking på Arendalsuka, ein felles rapportserie, årlege seminar, Omsorgsbiblioteket og Tidsskrift for omsorgsforsking.