Utlysing
Send inn bidrag til Læringsfestivalens tiårsjubileum i 2025
Send inn bidrag til Læringsfestivalens tiårsjubileum i 2025
19.–20. mai 2025, NTNU, Trondheim
Bli med å skape jubileumskonferansen
Saman med engasjerte folk frå heile landet kan du vere med å dele og utvikle kunnskap om læring og undervisning.
Læringsfestivalen er ein møteplass for dei som er engasjert i utdanning. Hit kjem over 300 deltakarar frå UH-institusjonar over heile landet. Du kan bidra ved å skape diskusjon og ved å dele erfaringar, refleksjonar, kunnskap og forskingsresultat. På Læringsfestivalen kan du både motivere og bli motivert, og du kan knytte kontaktar og etablere nettverk for vidare samarbeid.
Tema for Læringsfestivalen
Kva engasjerer deg for tida? Kva rører seg på din arbeidsplass eller i ditt miljø?
Læringsfestivalen skal handle om det deltakarane er opptatte av, så send inn bidrag om det du synest er viktig. I jubileumsåret blir vi ekstra glade for bidrag som aktiviserer deltakarane på nye måtar.
Samhandling på ein fysisk konferanse
Kva for moglegheiter har vi på ein fysisk konferanse som vi ikkje har i eit digitalt rom? Korleis kan du utnytte det at vi møtast fysisk best mogleg? Sei noko om det når du leverer bidraget ditt.
Spørsmål å tenke gjennom på førehand:
- Kva vil du med interaksjonen din? Skal den føre til diskusjon, refleksjon eller noko anna?
- Kva ønsker du at deltakarane skal ta med seg heim frå økta di?
- Ver tydeleg på kva du vil fram til i bidraget. Å ha eitt tydeleg spørsmål vil gjere det enklare for oss og publikum å vurdere bidraget, og enklare for deg å halde tida.
Læringsfestivalen blir arrangert på NTNU Gløshaugen. Her finn du R2, eit av dei innovative læringsareala til NTNU. Skriv i søknaden om du ønsker å bruke dette rommet. Har du andre ønske eller tekniske krav, så spesifiser det også.
Vi vil høyre frå studentane!
Er du student, og har erfaringar du vil dele? Eller kanskje du har studentar som kan vere interessert i å bidra på Læringsfestivalen? Tips dei.
Studentar går gratis på Læringsfestivalen.
Posterar
I år som i fjor oppmodar vi spesielt til å sende inn posterar. Vi ønsker å gjere posterane meir synlege i mingleområda og vi skal forsøke å gje dykk betre plass denne gongen.
Kva er fordelane med å ha poster?
- Ein poster heng der heile konferansen så deltakarane kan kome og sjå på han når dei ønsker.
- Du treng ikkje ha ferdige forskingsresultat, men kan syne fram prosjekt du er i gang med.
- Å presentere ein poster er ein fin måte å kome i kontakt med folk og eit høve til å diskutere temaet for posteren.
- Å lage ein poster er ein god måte å kome i gang med ein skriveprosess, anten det dreier seg om ein artikkel, ein prosjektrapport eller noko anna. Du kan bruke det som er eit verktøy for å få strukturert tankane og stoffet.
Send inn bidrag
Vi inviterer deg til å bidra med rundeborddiskusjon, poster, sesjon eller anna. Send inn bidrag innan 12. januar 2025 (via knappen under).
I innleveringsskjemaet ber vi om
- ei skildring av bidraget på inntil 300 ord
- ein tittel på inntil 15 ord
- inntil fem nøkkelord
Særskilt om dei ulike kategoriane
Rundeborddiskusjon (diskusjon om eit tema, 45 minutt)
- Lag eit opplegg for diskusjonen, til dømes at du innleier kort om temaet, leier diskusjonen og summerer opp til slutt.
- Vi ber også om ei oversikt over korleis de skal bruke tida. Angi kor lang tid de skal bruke på kvar del av opplegget. Innleiinga kan ikkje vere lenger enn fem til ti minutt.
Postersesjon
- Format på posterar: A0 (841 mm x 1189 mm), ståande.
- Alle som bidrar med poster, får eitt minutt i plenum til å presentere posteren sin før sjølve sesjonen startar.
- Vi sett av tid i programmet til postervandring, då bør du vere tilgjengeleg ved posteren.
Presentasjon (ti minutt presentasjon, ti minutt diskusjon)
- Du bør vinkle innlegget slik at det bidrar til refleksjon og erfaringsdeling.
- Du kan legge opp til ein utvida diskusjon som skal gå føre seg i eit anna rom etter at sesjonen er ferdig. Angi i skjemaet om du ønsker det.
- Vi vektlegg erfaringsdeling, men ønsker også forskingsbidrag. Angi om bidraget ditt er erfaringsdeling eller forskingsprosjekt.
Anna sesjon
- Har du ein annan idé til ein sesjon? Vi tek gjerne imot bidrag som ikkje er skildra over. Du kan bruke anten 20 eller 45 minutt på sesjonen.
- Lag ei oversikt over korleis de skal bruke tida. Angi kva de skal gjere og kor lang tid de skal bruke på kvar del av opplegget.
Du får tilbakemelding i februar 2025.
Målgruppe
Målgruppe for konferansen er undervisarar, forskarar og fagmiljø, støtte- og utviklingsmiljø så vel som leiarar i høgare utdanning. Konferansen kan også vere aktuell for studentar og andre som er interesserte i utdanning, til dømes tilsette i vidaregåande skule, vaksenopplæring eller arbeidslivet elles.
Dokumentasjon
Du som bidrar på Læringsfestivalen får dokumentasjon på at du har delteke i utvikling av utdanningskvalitet i eit fagfelleskap. Denne dokumentasjonen kan du nytte ved søknad om opprykk eller om å bli merittert undervisar.
Kriterium
Kvart bidrag bør oppfylle eitt eller fleire punkt.
Bidraget ditt bør
- vise ei reflektert kopling mellom utdanningsfagleg praksis og teori
- inspirere og skape engasjement
- kunne føre til aktivitet og samtale
- vere basert på erfaringar eller forsking
- peike framover
Vi tek imot bidrag på norsk, dansk, svensk og engelsk.
Publisering av konferansebidrag
Vi oppmodar deg til å sende inn konferansebidraget ditt for publisering i «Læring om læring». Dette er en open journal for deling av refleksjonar om læring – gjerne med utgangspunkt i eigen utprøving eller utvikling av læringsformer, undervisingsformer, vurderingsformer, teknologi og tenester, læringsareal og kombinasjonar av desse. Sjå tidlegare utgåver.
Frist for å sende inn bidrag som skal publiserast før konferansen er 21. april 2025.
Mal for artiklar frå Læringsfestivalen
Bidraget lastar du opp i ein eigen portal for Læring om læring.
Les meir om journalen via menyen øvst på sida.
Viktige datoar
Frist for innlevering av bidrag: 12. januar 2025
Tilbakemelding til bidragsytar: februar 2025
Påmelding til konferansen opnar: februar 2025
Frist for innlevering av tekst til publisering: 21. april 2025
Konferansen finn stad 19. og 20. mai 2025, i Realfagbygget på Gløshaugen i Trondheim
Påmelding
Du kan melde deg på via lenka som blir tilgjengeleg her på konferansen sin nettstad. Her kan du også reservere overnatting. Overnatting og reise betaler du i utgangspunktet sjølv. Konferanseavgifta dekker lunsj begge dagane. Det er lurt å være tidleg ute med påmelding og rombestilling.