Konferansebidrag - Læringsfestivalen
Konferansebidrag
Send inn bidrag til Læringsfestivalen digital 2024
Læringsfestivalen digital er ein nettbasert, nasjonal konferanse om læring i høgare utdanning som NTNU arrangerer tysdag 19. og onsdag 20. november. Enkeltståande digitale økter utover vinteren inngår også i det digitale tilbodet.
Vi vil gjerne at du skal bidra. Nett dine erfaringar eller di forsking kan bidra til betre undervisning for fleire.
Send inn bidrag om det som engasjerer deg, ditt fagmiljø eller din arbeidsplass. Slik blir konferansen ein arena som syner kva som rører seg på feltet, og der vi kan drøfte vidare utvikling.
Kva slags bidrag kan du levere?
Vi ønskjer oss breidde i innlegga, både med tanke på form og innhald. Har du ein idé til eit spanande opplegg som kan passe på ein digital konferanse? Vi oppmodar deg til å prøve noko nytt og annleis. Kanskje du har sett noko, eller har nokre eigne idéar, eller kanskje du har ein halvferdig idé som vi kan jobbe vidare med saman?
Læringsfestivalen digital har sesjonar på 20 minutt, som typisk er ti minutt presentasjon og ti minutt diskusjon og deltakaraktivitet. Der tar vi opp presentasjonen slik at han kan nyttast i andre samanhengar og vere tilgjengeleg for å sjå om att. Diskusjonen blir ikkje tatt opp, slik at det blir lav terskel for å ta del og stor takhøgde for deling av erfaringar og meiningar. Du kan gjerne foreslå eit heilt anna format. Vi er nysgjerrige og vil utvikle oss.
I løpet av vinteren arrangerer vi rundebord, som typisk er ti minutt oppspel til lengre diskusjonar. Medan dei korte sesjonane gjerne presenterer ferdige prosjekt og oppsummering av erfaringar, kan temaet for rundebord vere mindre utforska. Du kan nytte rommet til å få innspel, råd og nye idear til pågåande arbeid, eller foreslå ei tilnærming til eit tema som er under utvikling og som du meiner vil høve seg for ei felles erfaringsutveksling eller meiningsbryting. Her er vi òg opne for alternative tilnærmingar. Sidan kvart arrangement av denne typen blir annonsert for seg sjølv, vil vi ha godt høve til å førebu deltakarane på kva dei kan forvente og korleis dei kan bidra best mogeleg til økta. Om du skulle få ein idé til ei slik «anna»-økt på eit seinare tidspunkt, vil vi gjerne høyre frå deg.
Korleis skal du sende inn?
Skildringa av bidraget kan vere på inntil 300 ord, med ein tittel på inntil 15 ord. Vi ønskjer også ein tekst og gjerne bilete, lenker, video eller anna relevant innhald til programmet. Skriv teksten til programmet i ei form som gjer at deltakarane skjønar kva dei vil lære og helst også kva som blir forventa av aktivitet.
Aktiv deltaking er sentralt på Læringsfestivalen. Tenk gjennom korleis du vil involvere deltakarane i økta di og kva du vil oppnå med deltakaraktiviteten. I innsendingsskjemaet ber vi deg om å skildre dette.
Frist for innsending er 15. september 2024.
Send inn bidrag til Læringsfestivalen digital
Kva skjer etter at du har sendt inn bidrag?
Du får tilbakemelding i løpet av oktober.
Før konferansen vil vi at du blir med på eit digitalt møte for å drøfte korleis økta di kan bli best mogleg. Du kan få ei privat økt, eller delta saman med andre. Her får du praktisk informasjon og du kan stille spørsmål og eventuelt prøve det du skal gjere på konferansen.
Send bidrag til journalen Læring om læring
Send inn bidrag til den opne journalen «Læring om læring». Vi kan publisere artikkelen din sjølv om bidraget ikkje får plass på festivalen.
Viss du sender inn før 8. november, blir det publisert før konferansen. Vi publiserer fortløpande bidrag som kjem inn seinare.
Send inn artikkel til publisering i «Læring om læring».
Har du spørsmål om bidrag til Læring om læring, kan du gjerne kontakte redaktør Ole K. Solbjørg.
Inspirasjon og idéar
I fjor hadde vi bidrag om mellom anna kunstig intelligens, universell utforming og nettkurs. Du kan få idéar både til form og innhald ved å sjå opptak frå tidlegare konferansar.
Målgrupper for konferansen
Målgruppene for konferansen er alle som er engasjert i god undervisning: vitskapleg og administrativt tilsette, studentar, teknisk og pedagogisk støtteapparat samt leiarar i universitets- og høgskulesektoren.
Kriterium for bidrag til Læringsfestivalen
Kvart bidrag bør oppfylle eitt eller fleire av desse punkta:
Bidraget ditt bør
- syne ei reflektert kobling mellom utdanningsfagleg praksis og teori
- inspirere og skape engasjement
- ha potensial til å føre til aktivitet og samtale
- vere basert på erfaringar eller forsking
- peike framover
Viss du vil sende bidrag om forsking, vil vi at du venter til du har resultat å vise til.
Vi tek imot bidrag på norsk, dansk, svensk og engelsk.