Videreutdanning: Søke opptak og få svar
Vidareutdanning: Søkje opptak og få svar
Vidareutdanning: Søkje opptak og få svar
Korleis søkje opptak?
Du søkjer via lenkje på nettsida til det enkelte emne, kurs eller studieprogram. Merk deg kva for opptakskrav som gjeld, og kva dokumentasjon du må laste opp innan fristen.
Har du ikkje norsk personnummer, fyll ut søknad om opptak til vidareutdanning.
If you do not have a Norwegian social security number, fill out this online form to apply for admission to continuing education.
Kontakt oss på evuopptak@aud.ntnu.no dersom du har spørsmål.
Svar på søknaden
Dersom du søkjer opptak via studiet/kurset si nettside, vil du med ein gong få ei kvittering som blir sendt til e-postadressa du har registrert i Kontakt- og reservasjonsregisteret.
Du får vanlegvis svar på søknaden 2–4 veker etter søknadsfristen har gått ut, men det kan ta lengre tid.
Svar blir sendt til e-postadressa eller mobilnummeret du har registrert i Kontakt- og reservasjonsregisteret.
Alle får svar på søknaden sin - både dei som får opptak, dei som står på venteliste og dei som får avslag. Les instruksjonane som står i svar-e-posten/SMS-en grundig.
Atterhald
- Vi må ha eit minimum tal deltakarar for at emna/kursa/studieprogramma blir sette i gang.
- Emne/kurs/studieprogram eller samlingar kan bli utsette eller avlyste som følgje av sjukdom eller andre uføresette hendingar.
- NTNU har ikkje ansvar for økonomiske tap du måtte lide som følgje av utsetjingar eller avlysingar.