Videreutdanning: Eksamen
Vidareutdanning: Eksamen
Vidareutdanning: Eksamen
Er du student ved eit av dei ordinære studia ved NTNU eller vidareutdanningar utan studieavgift, finn du informasjon om korleis du du melder deg opp og trekkjer deg frå eksamen her.
Tek du vidareutdanning via NTNU VIDERE gjeld:
Automatisk oppmelding til eksamen
Som vidareutdanningsstudent via NTNU VIDERE, blir du automatisk meldt opp til eksamen samtidig som du får opptak. Du skal altså ikkje melde deg til eksamen sjølv.
Eksamensform, når og kvar?
Du finn informasjon om kva eksamenar du er oppmeld til i Studentweb. Her finn du også eksamensform, eksamensdato, tidspunkt og eventuelt oppmøtestad. Det blir også gjeve meir informasjon om eksamen i Blackboard når eksamenstidspunktet nærmar seg.
Digital eksamen i Inspera
Dersom eksamenen din er digital, må du setje deg godt inn i korleis du bruker det digitale eksamensverktøyet Inspera. Du finn rettleiingar for både heimeeksamen, skuleeksamen og større oppgåver som bachelor- og masteroppgåver på temasida om digital eksamen.
Tilrådd nettlesar for Inspera er Google Chrome eller Mozilla Firefox.
Innlogging med din NTNU FEIDE-brukar
Har du gløymt ditt NTNU FEIDE-brukarnamn eller -passord?
Eksamen - toggler
Dei fleste emne har arbeidskrav som må vere godkjende for å gå opp til eksamen. Nokre emne har også frammøtekrav på samlingar. Du er sjølv ansvarleg for å ha oppfylt desse krava innan gjevne fristar. Er du usikker - ta kontakt med fagansvarleg
Du finn informasjon om kva som er tillatne hjelpemiddel på eksamen på emnesida for kurset.
Dersom du har eit helseproblem eller ei funksjonsnedsetjing har du kanskje krav på tilrettelegging av eksamen. Døme på tilrettelegging kan vere:
- Utvida eksamenstid
- PC
- Skrivestøtteprogram for dysleksi
- Hev/senk-bord
- Mindre rom
- Tilgang til kvilerom/ammerom.
Er du student via NTNU VIDERE og har behov for tilrettelegging på eksamen?
Ta kontakt anten på e-post videre@ntnu.no eller telefon 73 59 66 43.
NB: Ikkje oppgi sensitiv personinformasjon i e-post.
Kan du ikkje møte til eksamen på grunn av sjukdom eller andre tvingande grunnar, må du sende søknad om gyldig forfall seinast éi veke etter eksamen.
Merk at dersom du har ein eksamen som går over fleire dagar, kan ein vurdere å gje deg utsett innleveringsfrist.
Ta kontakt med NTNU VIDERE på telefon 73 59 66 43 om dette.
Dersom du får innvilga utvida innleveringsfrist, og du leverer svart innan denne, treng du ikkje å søkje om gyldig fråvær på eksamen.
Dersom du ikkje kan avleggje eksamen på grunn av sjukdom, eller du ikkje består eksamen, vil du få høve til å avleggje ny eksamen seinare. Som hovudregel må du vente til neste ordinære eksamensgjennomføring. Unntaket er emne der det blir halde skriftleg eksamen under tilsyn eller munnleg eksamen berre éin gong pr. studieår. Her tilbyr vi utsett eksamen ("kont").
Du må sjølv ta kontakt med videre@ntnu.no for å avtale tidspunkt for ny eksamen.
Ønskjer du å forbetre karakteren på ein eksamen som er bestått, eller avleggje eksamen i eit emne der du har fullført obligatoriske aktivitetar - men ikkje teke eksamen?
Ta kontakt på videre@ntnu.no
Merk at du har eit av avgrensa tal forsøk på eksamen/vurdering.
Her finn du informasjon om korleis du ber om grunngjeving på karakter, klagar på karakter, eller klagar på andre enkeltvedtak. Dersom du vurderer å klage på karakteren, bør du be om grunngjeving først.
- Frist for å be om grunngjeving er 1 veke etter at sensuren ligg føre.
- Frist for å klage er 3 veker etter at sensuren ligg føre
- Dersom du først har bede om grunngjeving, er fristen for å klage 3 veker frå du har fått grunngjevinga
Lokal eksamen
Lokal eksamen
For enkelte nettbaserte studium utan samlingar kan det søkjast om lokal eksamen i staden for skriftleg eksamen i Trondheim. Det blir lagt ut informasjon i Blackboard for dei emna dette gjeld. Utgifter i samband med lokal eksamen inngår ikkje i kursavgifta. NTNU VIDERE krev ei administrasjonsavgift på kr 1500 per student per eksamen. I tillegg må du dekkje eventuelle kostnader direkte til den lokale eksamensarrangøren (eksamensvakter, leige av lokale etc.).