Videreutdanning: Avmelding og angrerett
Vidareutdanning: Avmelding og angrerett
Vidareutdanning: Avmelding og angrerett
Trekkje seg frå ei utdanning utan studieavgift
Vil du trekkje deg frå eit av dei ordinæra studia ved NTNU eller vidareutdanningar utan studieavgift, må du varsle opptakskontoret på opptak@ntnu.no. Send og kopi til studiekonsulenten ved instituttet som studieprogrammet tilhøyrer.
Tek du etter- og vidareutdanning via NTNU gjeld:
Fram til søknadsfristen går ut, kan du fritt trekkje søknaden via søknadsportalen for NTNU VIDERE.
Har du fått opptak på eit kurs/emne/studie med kursavgift, gjeld angrerettlova.
På mange kurs/emne/studium får du eit tilbod om studieplass og må logge deg inn i EVUweb for å takke JA eller NEI til tilbodet. Etter at fristen for å svare på 14 dagar har gått, har du ikkje ytterlegare angrerett.
På nokre kurs/emne/studium må du melde deg av innan 14 dagar etter at du har fått plass dersom du ikkje vil ha tilbodet. Du sender då ei utvetydig erklæring til evuopptak@aud.ntnu.no. Skriv «Angrerett + namn på emnet/kurset» i emnefeltet på e-posten. Du vil få ei kvittering til di e-postadresse, som stadfesting på at meldinga er motteken hos oss. Ta vare på denne.
Dersom du trekkjer deg/sluttar etter angrefristen har gått ut, må kursavgifta betalast. Merk at det er forbrukaren som må bevise at avmeldinga er sendt innan fristen, dersom det seinare oppstår tvil om dette, jf. § 20 i lova.
Utsetjing
Dersom du trekkjer deg frå kurs/emne/studium som har kursavgift/betaling etter angrefristen har gått ut, kan du be om utsetjing til neste gong kurset blir arrangert. Kursavgifta må likevel betalast inneverande semester.
Det er berre mogleg å be om utsetjing éin gong. Dersom kurset heller ikkje då blir gjennomført, er kursavgifta å rekne som tapt. Vi gjer merksam på at ikkje alle kurs blir køyrde fleire gonger. Enkelte kurs kan ha andre reglar for utsetjing og permisjon, sjå nettsida for kurset.