Videreutdanning: Betale semesteravgift og aktivere brukerkonto
Vidareutdanning: Betale semesteravgift og aktivere brukarkonto
Vidareutdanning: Betale semesteravgift og aktivere brukarkonto
Etter du har fått studieplass, vil du få ein SMS/e-post med stegvis instruksjon for å betale semesteravgift, aktivere brukarkontoen din og logge på Blackboard læringsstøttesystem.
Du får ikkje til å aktivere brukarkontoen din før du har fått denne SMS-en/e-posten.
Etter du har fått plass - toggler
Ved å følgje stega i velkomst-SMS-en/e-posten får du ein brukarkonto (NTNU FEIDE) som du bruker til pålogging på alle NTNU sine system og nettverk.
Brukarnamnet er ei forkorting av for- og etternamnet ditt, mens passordet set du sjølv. Merk deg dette.
Du må og installera tofaktorautentisering på mobilen din.
Tidlegare NTNU-/vidareutdanningsstudent
Dersom du nyleg har studert ved NTNU, og alt har ein NTNU FEIDE-brukar, skal du ikkje aktivere brukarkontoen din. Brukarkontoen din vil bli reaktivert når du får opptak på eit kurs/studium.
Om du har gløymt ditt NTNU FEIDE-brukernamn eller passord kan du enkelt lage eit nytt.
Har du problem med brukarkontoen din - ta kontakt med Orakeltenesta på telefonnummer 73 59 15 00.
Etter at semesteravgifta er registrert betalt, og du har oppretta NTNU-brukarkonto, kan du laste ned appen "Studentbevis". Saman med gyldig legitimasjon med bilete, gjev studentbevis-appen deg studentrabattar på buss, tog og på andre tenester, og erstattar tidlegare semesterkvittering på papir.
Som vidareutdanningsstudent treng du sjeldan eit fysisk studentkort/tilgangskort med namn og bilete. Unntaket er om du skal ha lengre studieopphald på campus i Trondheim, Ålesund eller Gjøvik. Studentkortet vil då fungere som:
- legitimasjon ved NTNU
- nøkkelkort til bygningar
- lånekort ved fysisk oppmøte på biblioteka
- utskrift
Her kan du lese meir om korleis du skaffar deg eit fysisk studentkort.