Videreutdanning: Pensum og læringsutbyte
Vidareutdanning: Pensum og læringsutbyte
Vidareutdanning: Pensum og læringsutbyte
Læringsutbyte og studieplan
Noko av det første du bør gjere når du startar på eit nytt studie/emne/kurs, er å setje deg godt inn i læringsutbytet og eventuelt studieplanen (dersom emnet inngår i ei større eining / ein grad). Dette vil hjelpe deg med å studere målretta, og vite kva som er forventa til eksamen.
Emneskildringa med læringsutbyte finn du i emnerommet ditt i Blackboard, under «Informasjon om emnet».
Blackboard får du tilgang til etter at du har fått opptak og har aktivert brukarkontoen din.
Pensum
Pensumlister blir publiserte i Blackboard like før studiestart. For emne der det er viktig at studentane har tilgang til pensumlitteraturen tidleg, vil pensum vere publisert på nettsida til kurset.
Noen emner har tatt i bruk digitale pensumlister, hvor bøker og artikler er automatisk lenket opp. Hvis emnet ditt har elektronisk pensumliste, må du logge på NTNUs nettverk via VPN-tilkobling med din FEIDE-bruker for å få åpnet denne. Pensumlitteratur kan være skrevet på både norsk, andre skandinaviske språk og engelsk.
Eg har faglege spørsmål - kven kan eg spørje?
På nettsida til kurset (der du søkte om opptak) står kontaktinformasjon til fagansvarleg/førelesar. Dersom du har spørsmål av meir praktisk eller administrativ art, tek du kontakt med NTNU VIDERE på videre@ntnu.no.