Videreutdanning: Bibliotek og oppgåveskriving
Vidareutdanning: Bibliotek og oppgåveskriving
Vidareutdanning: Bibliotek og oppgåveskriving
Bibliotek
Som vidareutdanningsstudent kan du fritt nytte deg av NTNU sine Bibliotekstenaster.
Du kan du låne bøker eller få tilgang til artiklar, digital litteratur og fagtidsskrift. Biblioteket tilbyr også ulike kurs, rettleiing og lesesalsplassar.
For sjølvbetjent utlån på campusbiblioteka, og utskrift på skrivarar ved NTNU sine-campusar må du ha eit fysisk studentkort.
Bibliotekstenester når du ikkje er på campus
For å få full tilgang til bibliotekstenestene når du ikkje er på campus, må du først kople deg på NTNU sitt nettverk via VPN og deretter logge på Oria med FEIDE-brukaren din.
Dersom du ønskjer å låne fysiske bøker, men ikkje har høve til å hente dei på campus, kan du kontakte biblioteket for å bli registrert som fjernstudent, og få bøkene tilsendt til heimstadadressa di.
Det virtuelle biblioteket
Om du berre studerer via nett og ikkje er til stades på campus, kan du også besøke det virtuelle biblioteket. Her hjelper bibliotektilsette deg via chat eller video kvardagar kl. 09.00–14.00.
Hjelp til oppgåveskriving
Universitetsbiblioteket har ei eiga nettside om akademisk oppgåveskriving.
Her kan du finne svar på spørsmål som korleis lage ei problemstilling, strukturering av oppgåva og riktig bruk av referansar.