Vidareutdanning: Dokumentasjon av opptakskrav
Vidareutdanning: Dokumentasjon av opptakskrav
Vidareutdanning: Dokumentasjon av opptakskrav
For å vurdere søknaden din treng vi dokumentasjon på at du fyller opptakskrava som er oppgjeve på studiet/kurset si nettside.
Søknader som manglar etterspurt dokumentasjon etter søknadsfristen, vil ikkje bli behandla. Les derfor nøye kva for krav som blir stilte til dokumentasjon i lista nedanfor.
Dokumentasjon kan lastast opp til og med datoen for søknadsfristen via søknadsportalen.
Dokumentasjon av opptakskrav
Generell studiekompetanse er ein kvalifikasjon som kan oppnåast etter å ha fullført og bestått vidaregåande opplæring i Noreg. Generell studiekompetanse er den vanlegaste vegen til høgare utdanning, og gjer deg kvalifisert til å studere ved universitet og høgskular.
Dersom generell studiekompetanse er einaste opptakskrav på kurset/studiet ditt, og du ser at dette er godkjent i søknadsportalen, treng du ikkje laste opp dokumentasjon:
Er det ikkje registrert, må du laste opp dokumentasjon. Om du ikkje har generell studiekompetanse, kan du eventuelt leggje ved dokument for vurdering av realkompetansen din (sjå under).
Vanlege veger til generell studiekompetanse er:
• Fullført 3-årig videregåande.
Du har fullført og bestått 3-årig vidaregåande opplæring som gjev generell studiekompetanse.
• Yrkesfag med påbygging.
Du har fullført og bestått yrkesfagleg opplæring og studiekompetansefaga.
• 23/5-regelen.
Du fyller minst 23 år i opptaksåret, har fullført og bestått studiekompetansefaga og har minst 5 års utdanning eller yrkespraksis.
Det kan også vere mogleg å oppnå generell studiekompetanse på grunnlag av andre utdanningsløp. Nokre døme på dette er:
• Fullført videregåande opplæring ved Steinerskolen
• Fullført ei godkjend fagskoleutdanning
• Fullført eitt års høgare utdanning
• Fullført ei godkjend utanlandsk utdanning
Ver merksam på at det i slike tilfelle kan stillast spesielle krav til innhaldet i og omfanget av utdanninga.
Les meir om vegane til generell studiekompetanse (samordna opptak.no)
Realkompetanse
Realkompetanse kan vere ein måte å få opptak til det studiet/kurset du har søkt på, sjølv om du ikkje fyller krava til generell studiekompetanse. Du må ha annan relevant kompetanse som kan vege opp for at du ikkje fyller dei vanlege opptakskrava. For å bli vurdert på bakgrunn av realkompetanse må du fylle 25 år eller meir det året du skal søkje om opptak.
Døme på realkompetanse til eit studium kan vere lønt eller ulønt arbeid, utdanning eller organisasjonserfaring.
Søkjarar blir vurderte individuelt, og i samanheng med det fagområdet eller emnet dei ønskjer å studere. For å dokumentere realkompetansen din må du leggje ved kopiar av alle vitnemåla dine for utdanning og attestar for praksis/yrkeserfaring. Dokumentasjonen skal lastast opp saman med søknaden din.
I tillegg til dokumentasjonen må du leggje ved eit brev der du opplyser om motivasjonen for studiet og ei eigenvurdering av kvifor du meiner du er eigna til å gjennomføre studiet.
Les meir om realkompetanse (samordna opptak.no)
Enkelte kurs og studium krev at du har ei relevant utdanning frå før, t.d. bachelorgrad, mastergrad eller tilsvarande.
Dersom du har ein grad frå NTNU, treng du ikkje å laste opp vitnemål.
Dersom du har ein grad frå eit anna universitet eller høgskule (inkludert høgskulane som no er ein del av NTNU; HiST, HiÅ og HiG) må du laste opp dokumentasjon.
Du må laste opp kopi av framsida, karaktersider og baksida på vitnemålet.
Karakterutskrifter åleine er ikkje godkjend dokumentasjon på fullført og bestått grad.
Alternativt kan du laste opp ei pdf-fil av graden din frå Vitnemålsportalen. Pass på at både studieprogram og dato for oppnådd grad kjem med.
Slik laster du opp pdf frå Vitnemålsportalen
Dersom du ikkje har fullført den utdanninga som er kravd, t.d. ein bachelorgrad eller mastergrad, kan du be om ei realkompetansevurdering av opptaksgrunnlaget ditt. Det er ofte eit minimum av krav som må oppfyllast, sjå nettsida for studiet for meir informasjon.
Studiepoeng frå fagskole er ikkje det same som studiepoeng frå høgare utdanning, sjølv om det er same ord. Sjå informasjon om studiepoeng på denne nettsida, under punktet "Er studiepoeng fra fagskole det samme som studiepoeng fra høyere utdanning?".
Enkelte kurs og studium krev i tillegg at du har relevant arbeidserfaring av ei viss lengd – eller at du har ein relevant jobb no.
Attest/tenestebevis må vere datert og innehalde:
• Start- og sluttdato (ev. om du framleis står i jobben)
• Stillingsprosent
• Stillingstittel og kort om arbeidsoppgåver
• Dato og signatur frå arbeidsgiver (elektronisk signatur kan godkjennast)
Merk at ved utrekning av ansiennitet blir deltidsstillingar rekna om til dag/md./år i fulltid.
CV/arbeidsavtale/jobbtilbod er ikkje godkjent som dokumentasjon på arbeidserfaring og vil ikkje bli rekna med.
Hvis du har utdanning frå utlandet, krevst ytterlegare dokumentasjon (Samordna opptak)
Om du har endra namn, og nokre av eller alle vitnemåla/attestane dine viser anna namn enn det du har i dag, må dokumentasjon på namneendringa leggjast ved søknaden (namneløyve, vigselsattest e.l.).
Dersom du er registrert med feil namn i vårt studentsystem, må du melde namneendring til NTNU.
Dokumentasjon blir kontrollert
Dokumentasjon blir kontrollert
Du er sjølv ansvarleg for at den innsende dokumentasjonen er riktig. All dokumentasjon blir kontrollert av saksbehandlarane, og du kan bli beden om å leggje fram originalar.
Uriktige eller misvisande opplysningar kan føre til at du mister studieplassen.
Falsk dokumentasjon blir ramma av §166 og §182 i straffelova, og blir alltid meldt til politiet.