Vidareutdanning: Digitale verktøy
Vidareutdanning: Digitale verktøy
Vidareutdanning: Digitale verktøy
Nedanfor finn du informasjon om dei viktigaste digitale verktøya for deg som vidareutdanningsstudent.
Digitale verktøy for videreutdanningsstudenter - toggler
Innsida er NTNU sitt intranett og inngangsportal til alle system og tenester. Trykk på «For studentar» i øvste fane for direkte lenkjer til Blackboard, Studentweb, Webmail, Office 365, Inspera osv.
Vi tilrår at du set opp student-webmailen din slik at du kan lese e-posten på mobiltelefonen og/eller nettbrettet ditt.
Oppsett for Iphone og Ipad
Oppsett for Android
Innlogging med din NTNU FEIDE-brukaren din.
Har du gløymt ditt NTNU Feide-brukernamn eller -passord?
Blackboard er det mest brukte læringsstøttesystemet ved NTNU. Dersom ditt studium/kurs skal bruke eit anna system, vil du få spesifikk melding om dette.
I læringsstøttesystemet finn du alt av praktisk informasjon, pensumlister, timeplanar, undervisningsmateriell og det er her du skal levere arbeidskrav o.l. Det er viktig at du opprettar brukarkonto og loggar inn i god tid før studiestart.
Innlogging med in NTNU FEIDE-brukaren din.
Har du gløymt ditt NTNU Feide-brukernamn eller -passord?
Du treng tofaktorautentisering for tilgang til Blackboard.
Dersom du har problem med å logge på Blackboard, kan du kontakte Orakeltjenesten eller NTNU VIDERE.
I Studentweb finn du informasjon om deg og studiet ditt. Du kan også endre, stadfeste og oppdatere ein del av opplysningane dine sjølv.
Innlogging med NTNU FEIDE-brukaren din.
Har du gløymt ditt NTNU Feide-brukernamn eller -passord?
NB: Studentweb fungerer noko annleis for vidareutdanningsstudentar enn for ordinære studentar:
Etter at du har fått beskjed, skal du gjere dette i Studentweb:
- Finne faktura for semesteravgift
- Finne faktura for kursavgift(berre om kurset ditt kostar pengar og du skal betale for det privat)
Dette kan du gjere i Studentweb:
- Sjå oversikt over aktive emne du er eksamensoppmeldt i
- Sjå eksamensdatoar
- Sjå eksamensresultata dine
- Bestille karakterutskrift
Dette skal du ikkje gjere i Studentweb:
- Ikkje meld deg til eksamen eller registrere studieløpet ditt. Dette gjer NTNU VIDERE for deg.
- Ikkje trekkje deg frå eksamen. Les om korleis du trekkjer deg i kapittelet om eksamen.
- Ikkje stadfeste utdanningsplan
Inspera er NTNU sitt digitale eksamenssystem. Dette blir brukt til digital skuleeksamen, karaktergjevande innleveringar som heimeeksamen, prosjekt-, bachelor- og masteroppgåver, i tillegg til sensur av munnleg og praksiseksamen.
Les meir om Inspera og eksamen her.
Innlogging med NTNU FEIDE-brukaren din
Har du gløymt ditt NTNU Feide-brukernamn eller -passord?
Trådlaust nettverk på NTNU sin campus – Eduroam
Du har gratis tilgang til det trådlause nettverket Eduroam når du er på NTNU sin campus , på norske flyplassar og på norske og mange utanlandske universitet.
For å kople deg på vel du nettverket Eduroam, og loggar på med ditt NTNU FEIDE-brukernamn@ntnu.no og deretter FEIDE-passordet ditt.
Døme:
Brukernamn: olanord@ntnu.no
Passord: ditt vanlege NTNU FEIDE-passord
Kople til nettverket til NTNU heimanfrå - via VPN
Nokre tenester som t.d. elektroniske pensumlister, tilgang til artikkeldatabasar eller spesielle dataprogram krev at du er kopla opp via eit NTNU-nettverk for å få tilgang.
Dersom du har behov for nokre av desse tenestene når du ikkje er på NTNU, kan du kople opp via VPN (virtual private network)
NB: Du treng IKKJE å kople på VPN for å få tilgang til vanlege system som Blackboard, Innsida, studentweb og Inspera. Det er berre unntaksvis at du treng VPN.
Du kan lese meir om korleis du kan bruke VPN til å få tilgang til digitale pensumartiklar under overskrifta "Bibliotek og oppgåveskriving".
Office 365 gjev studentar og tilsette ved NTNU gratis tilgang til bl.a Teams, Word, Excel, PowerPoint og OneNote, Outlook e-post, skylagring og samhandlingstenester. Tenesta fungerer både på web, desktop, PC, Mac, nettbrett og smarttelefon.
Som vidareutdanningsstudent ved NTNU har du også gratis tilgang til ei rekke andre program.
NB: Vi gjer merksam på at når du sluttar, eller tek ein pause i studia, vil dokumenta dine i Onedrive/Office365 slettast etter nokre månader. Ta derfor ut det du treng, før du sluttar.