Meritterte undervisere
Meritterte undervisarar
Ein merittert undervisar ved NTNU er ein som har utmerka seg ved å ha eit gjennomgåande og tydeleg fokus på studentane si læring i undervisningsverksemda si. Den meritterte undervisaren har ei utforskande tilnærming til utvikling av eiga undervisning og utdanningane ved NTNU. Undervisaren legg vekt på å planleggje, gjennomføre, vurdere og tilpasse undervisningspraksisen sin slik at den på best mogleg vis støttar opp under studentane sitt læringsutbytte.
Pedagogisk merittering bidrar til å verdsette arbeidet med å utvikle god undervisning i høgare utdanning. Kunnskap om kva som kan gi auka læringsutbytte for studentane, er viktig for arbeidet med utdanningskvalitet ved NTNU. Undervisarar som samarbeider og deler gode erfaringar om undervisning, er viktige for å utvikle utdanningane våre.