Utlysing
Utlysing Læringsfestivalen 2023
Utlysing Læringsfestivalen 2023
8.–9. mai 2023 i Realfagbygget, NTNU, Trondheim
Bli med og utvikle kunnskapen om læring og undervising
Læringsfestivalen er ein møteplass for alle som er engasjert i utdanning. Du kan bidra ved å skape diskusjon og ved å dele erfaringar, refleksjonar, kunnskap og forskingsresultat. På Læringsfestivalen kan du både motivere og verte motivert, og du kan knytte kontaktar og etablere nettverk for vidare samarbeid.
Målgruppe
Målgruppe for konferansen undervisarar, forskarar og fagmiljø, støtte- og utviklingsmiljø så vel som utdanningsleiarar. Det kan også vere studentar og andre som er interessert i utdanning, til dømes tilsette i vidaregåande opplæring eller i arbeidslivet elles.
Tema for Læringsfestivalen
Kva engasjerer deg for tida? Kva rører seg i ditt miljø?
Læringsfestivalen skal handle om det deltakarane er opptatt av, og samtidig vil vi peike på nokre tema som er spesielt aktuelle for tida.
- Korleis ivareta kvalitet i desentralisert og fleksibel utdanning?
- Det skjer mykje på teknologifeltet, noko vert stoppa av GDPR. Korleis kan vi vere i forkant av utviklinga?
- Kva skjer med utdanninga når koronakulla begynner på studia sine? Desse studentane har andre erfaringar enn vi er vane med til å leggje til rette for og utnytte.
- Det finst mange hjelpemiddel til å skrive betre, for både undervisarar og studentar. Send gjerne inn bidrag om gode måtar å nytte desse på i undervising, læring og arbeid.
- Vurdering er alltid aktuelt. Har du erfaringar med summativ versus formativ vurdering, gjerne med multimodale tekstar og bruk av teknologi til vurdering? Brukar du nokre utradisjonelle vurderingsformer du har lyst til å fortelje om?
Å møtast i det fysiske rommet
Kva for moglegheiter har vi på ein fysisk konferanse som vi ikkje har i det digitale rommet? Korleis kan du utnytte det at vi møtast fysisk best mogleg? Skildre dette i bidraget ditt.
Læringsfestivalen vert arrangert på NTNU Gløshaugen. Her finn du R2, eit av NTNUs innovative læringsareal. Få med i søknaden om du ønsker å bruke dette rommet. Har du andre ønsker eller tekniske krav, er det lurt å spesifisere dette. Vi vil leggje til rette for ein levande konferanse med aktive deltakarar.
Invitasjon til bidrag
Vi inviterer deg til å bidra med sesjon, poster, rundeborddiskusjon eller anna. Send inn bidrag innan 11. januar 2023 via knappen lengre ned på sida.
Sesjon (ti minutt presentasjon, ti minutt diskusjon)
- Send inn ei skildring av bidraget på inntil 300 ord.
- Tittelen bør ikkje vere lengre enn 15 ord.
- Du bør vinkle innlegget slik at det bidrar til refleksjon og erfaringsdeling.
- Skriv opp inntil fem nøkkelord.
- I bidraget kan du også velje å legge opp til ein utvida diskusjon som skal gå føre seg i eit anna rom etter at sesjonen er ferdig.
- Vi vektlegg erfaringsdeling, og ønsker også forskingsbidrag. Angi om bidraget ditt er erfaringsdeling eller forskingsprosjekt.
Rundeborddiskusjon (diskusjon i mindre grupper omkring eit foreslått tema, cirka 45 minutt)
- Formuler ein tematikk på inntil 300 ord.
- Det blir di oppgåve å innleie kort om temaet, å leie diskusjonen og summere opp til slutt.
Poster-sesjon
- Format på posterar: A0 (841mm x 1189mm)
- Alle som bidrar med poster, får eitt minutt i plenum til å presentere posteren sin før sjølve sesjonen startar.
Anna
- Har du ein annan idé til ein sesjon? Vi tek gjerne imot bidrag som ikkje passer inn i kategoriane over.
Dokumentasjon
Du som bidrar på Læringsfestivalen får dokumentasjon på at du har deltatt i utvikling av utdanningskvalitet i eit fagfelleskap. Denne dokumentasjonen kan du nytte ved søknad om opprykk eller om å bli merittert undervisar.
Kriterium
Kvart bidrag bør oppfylle eitt eller fleire punkt.
Bidraget ditt bør
- vise ei reflektert kopling mellom utdanningsfagleg praksis og teori
- inspirere og skape engasjement
- ha potensial til å føre til aktivitet og samtale
- vere basert på erfaringar eller forsking
- peike framover
Du får tilbakemelding i byrjinga av februar 2023.
Publisering av konferansebidrag
Vi oppmodar deg til å sende inn konferansebidraget ditt for publisering i «Læring om læring». Dette er en open journal for deling av refleksjonar om læring – gjerne med utgangspunkt i eigen utprøving eller utvikling av læringsformer, undervisingsformer, vurderingsformer, teknologi og tenester, læringsareal og kombinasjonar av desse. Sjå tidlegare utgåver.
Frist for å sende inn bidrag er 12. april 2023.
Mal for artiklar frå Læringsfestivalen
Bidraget lastar du opp i ein eigen portal for Læring om læring.
Les meir om journalen via menyen øvst på sida.
Viktige datoar
Frist for innlevering av bidrag: 11. januar 2023 (du har ut dagen den 11.)
Tilbakemelding til bidragsytar: byrjinga av februar 2023
Påmelding til konferansen opnar i slutten av januar 2023
Frist for innlevering av tekst til publisering: 12. april 2022
Konferansen finn stad 8. og 9. mai 2023, i Realfagbygget på Gløshaugen i Trondheim.
Påmelding
Du kan melde deg på via lenka som blir tilgjengeleg her på konferansen sin nettstad. Her kan du også reservere overnatting. Overnatting og reise betaler du i utgangspunktet sjølv. Konferanseavgifta dekker lunsj begge dagane. Det er lurt å være tidleg ute med påmelding og rombestilling.