lf-bg-vignett-04

Læringsfestivalen vignett

Ein konferanse om læring i
høgare utdanning med både
digitale og fysiske arrangement.

 

Læringsfestivalen aktuelt

Kva er Læringsfestivalen?

Læringsfestivalen er landets største konferanse om læring i høgare utdanning med både fysiske og digitale arrangement. Målsetjingane til konferansen er å presentere erfaringar og refleksjonar og å dele kunnskapsbasert undervisningspraksis. På Læringsfestivalen kan du knytte kontaktar og etablere nettverk for vidare samarbeid.

Nye moglegheiter

Det skjer mykje nytt og spennande innan undervising og læring på universitets- og høgskulenivå. Nye former for teknologi gir nye moglegheiter, men ikkje alt gir betre kvalitet i undervising og læring.

Det kan vere krevjande å få oversikt over kva som skjer i sektoren, og kva som er nyttig å ta med seg. På Læringsfestivalen får du høyre kva erfaringar andre har gjort og du kan sjølv vere med å diskutere og prøve nokre av nyvinningane.

Sjå programmet for Læringsfestivalen 2025 >>

Målgrupper

Målgruppene for konferansen er alle som er engasjert i høgare utdanning.

Det kan vere undervisarar, forskarar og fagmiljø, støtte- og utviklingsmiljø så vel som utdanningsleiarar. Det kan også vere studentar og andre som er interessert i utdanning, til dømes tilsette i vidaregåande opplæring eller andre delar av arbeidslivet.

Bidrag til Læringsfestivalen

Fristen for å sende bidrag til Læringsfestivalen 2025 er utløpt.

Bidrag til journalen Læring om læring

bilde av forsiden av journalen Læring om Læring

Fristen for å levere bidrag til journalen Læring om læring er 7. mai.

Meir informasjon om innsending av bidrag til journalen finn du her

Arrangører

Arrangør:

Logo med tekst: NTNU Kunnskap for ei betre verd


Kalenderikon med skygge

Læringsfestivalen i Trondheim:

19.-20. mai 2025
 

Social buttons

Nyheiter frå Læringsfestivalen: