Utdanning

Det humanistiske fakultetet

Utdanning

Utdanning - hovedtekst

5 studenter som sitter rundt et bord og leser og jobber på PC'en
Foto: Elin Iversen/NTNU

Studietilbodet ved Det humanistiske fakultetet (HF) er ein viktig del av breiddeuniversitetet NTNU. Fakultetet sine sju institutt gir utdanning i fagområde som språk og litteratur, musikk, kunst og kultur, historie, filosofi, religion og kommunikasjon på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. I tillegg utdannar vi lærarar gjennom våre lektorprogram i språk og historie.

For å løyse utfordringane verda står overfor og skape eit berekraftig samfunn, krevst kunnskap om korleis kultur og historie formar vår forståing og våre val. Slik innsikt er avgjerande i eit samfunn prega av konstant forandring. Det humanistiske fakultetet sin særlege styrke ligg i forståinga av samanhengar mellom menneske, kultur, samfunn, natur og teknologi. På denne måten bidreg våre fag til å verkeleggjere NTNUs visjon om kunnskap for ei betre verd gjennom å auke innsikta i og kunnskapen om menneskelege fenomen som tenking, kultur, språk, religion, kunst, etikk og politikk.

Eit godt læringsmiljø

Vi er overtydde om at eit godt læringsmiljø er av stor betydning for studentane si trivsel, deira engasjement i studia sine, og om dei fullfører studiet sitt. Difor ansvarleggjer vi våre studentar gjennom studentaktive læringsformer som krev fagleg nysgjerrigheit, sjølvstendig tenking og refleksjon – sentrert om relevante/arbeidslivsrelevante oppgåver som blir løyste i fellesskap. Undervisarane skal gi akademisk tyngde til studia, samtidig som studentane blir sett på som viktige faglege bidragsytarar. Sammen skaper vi eit godt psykososialt læringsmiljø.

Arbeidslivsrelevans

Vi er opptekne av å tilby utdanning som gjer våre kandidatar rusta for arbeidslivet, og tilby utdanning som er tett på arbeids- og kulturliv.

Internasjonalisering

Fakultetet jobbar for at alle våre bachelor- og masterprogram skal tilby relevante utvekslingsopphald i utlandet. Samtidig har vi fokus på internasjonalisering heime med tilrettelegging av utdanningstilbod for internasjonale studentar og undervisarar, også som eit tilbod om internasjonalisering for studentar som ikkje reiser på utveksling.

Strategiske utviklingsmål for utdanningsområdet ved HF

Strategiske utviklingsmål for utdanningsområdet ved HF

  • Tilby nytenkande og utforskande undervisning, utført av undervisarar som er sentrale bidragsytarar i NTNU sitt arbeid med læring og utdanningskvalitet.
  • Tydeleggjere profilen på studieprogramma våre, samordne studieprogramporteføljen og samarbeide om studietilbod der det er relevant.
  • Styrke lektorutdanninga, og samarbeide med grunnskolelærarutdanninga om disiplinbaserte bidrag i denne utdanninga.

Studieprogram

Studieprogram

For søkjarar frå vidaregåande skule

Studieprogram

Type

Campus

År

Allmenn litteraturvitskap

Bachelor Dragvoll 3
Allmenn litteraturvitskap Årsstudium

Dragvoll

1
Antikkens kultur og klassiske fag Bachelor Dragvoll 3
Arkeologi Bachelor Kalvskinnet 3
Drama og teater Bachelor Dragvoll 3
Drama og teater Årsstudium Dragvoll 1
Engelsk Bachelor Dragvoll 3
Engelsk Årsstudium Dragvoll 1
Etikk Årsstudium Dragvoll 1
Europastudiar Bachelor Dragvoll 3
Film- og videoproduksjon Bachelor Dragvoll 3
Filmvitskap Bachelor Dragvoll 3
Filmvitskap Årsstudium Dragvoll 3
Filosofi og etikk Bachelor Dragvoll 3
Filosofi Årsstudium Dragvoll 1
Fransk Bachelor Dragvoll 3
Fransk Årsstudium Dragvoll 1
Fransk med didaktikk Årsstudium Caen, Frankrike 1
Historie Bachelor Dragvoll 3
Historie Årsstudium Dragvoll 1
Humanistiske fag, emnestudiar Årsstudium Dragvoll 1
Kirkemusikk Årsstudium Olavskvartalet 1
Kulturminneforvalting Bachelor Dragvoll 3
Kunsthistorie Bachelor Dragvoll 3
Kunsthistorie Årsstudium Dragvoll 1
Latin Årsstudium Dragvoll 1
Lektorutdanning i historie Master (5-årig)/profesjonsutdanning Dragvoll 5
Lektorutdanning i språkfag Master (5-årig)/profesjonsutdanning Dragvoll 5
Likestilling og mangfald Årsstudium Dragvoll 1
Medievitskap Bachelor Dragvoll 3
Medievitskap Årsstudium Dragvoll 1
Musikkteknologi Bachelor Fjordgata/Olavskvartalet 3
Musikkvitskap Bachelor Dragvoll 3
Musikkvitskap Årsstudium Dragvoll 1
Nordisk språk og litteratur og norsk som andrespråk Bachelor Dragvoll 3
Nordisk språk og litteratur Årsstudium Dragvoll 1
Norsk tegnspråk Bachelor Dragvoll 3
Religionsvitskap Bachelor Dragvoll 3
Religionsvitskap Årsstudium Dragvoll 1
Spansk Bachelor Dragvoll 3
Spansk Årsstudium Dragvoll 1
Studiar av teknologi, kunnskap og samfunn (STS) Årsstudium Dragvoll 1
Tegnspråk Årsstudium Dragvoll 1
Tysk Bachelor Dragvoll 3
Tysk Årsstudium Dragvoll 1
Utøvande musikk - klassisk Bachelor Olavskvartalet 4
Utøvande musikk - jazz Bachelor Olavskvartalet 3

For søkjarar med bachelorgrad

Studieprogram

Type

Campus

År

Allmenn litteraturvitskap Master

Dragvoll

2
Arkeologi Master Kalvskinnet 2
Choreomundus: Dance Knowledge, Practice, and Heritage Master Dragvoll + andre universitet i Europa 2
Creative Music Technology Master Fjordgata/Olavskvartalet 2
Drama og teater Master Dragvoll 2
Engelsk Master Dragvoll 2
English Linguistics and Language Acquisition  Master Dragvoll 2
European Studies Master Dragvoll 2
Film- og videoproduksjon Master Dragvoll 2
Film- og medievitenskap Master Dragvoll 2
Filosofi og etikk Master Dragvoll 2
Fransk Master Dragvoll 2
Historie Master Dragvoll 2
Klassiske fag Master Dragvoll 2
Kulturminneforvaltning Master Dragvoll 2
Krig og samfunn Master Digitalt med samlinger i Trondheim 4 år deltid
Kunsthistorie Master Dragvoll 2
Likestilling og mangfold Master Dragvoll 2
Logopedi Erfaringsbasert master Samlinger i Trondheim 4 år deltid
Music, Communication and Technology (MCT) Master Fjordgata/Oslo 2
Music Performance Studies Master Olavskvartalet 2
Musikkvitskap Master Dragvoll 2
Nordisk språk og litteratur Master Dragvoll 2
Organisasjon og ledelse (bærekraft, omstilling og inkludering) Master

Dragvoll

Deltid
Religionsvitskap Master Dragvoll 2
Språk og kommunikasjon i profesjonar Master Dragvoll 2, eller 4 år deltid
Studiar av teknologi, kunnskap og samfunn (STS) Master Dragvoll 2
Tysk Master Dragvoll 2