Norges dokumentarv - Spesialsamlinger - UB
Noregs dokumentarv
Norsk kulturråd har, på vegner av UNESCOs Memory of the World, utarbeidd eit register for Noregs dokumentarv.
Noregs dokumentarv er ei liste over dei dokumenta det er spesielt viktig at samfunnet vårt tar vare på, sidan dei synleggjer unike og uerstattelege dokument som representerer den felles hukommelsen vår.
Dei seks dokumenta våre som blir oppbevarte ved Gunnerusbiblioteket og Dorabiblioteket, representerer viktige hendingar i norsk historie. Vi er stolte av at desse seks er innlemma i den nasjonale lista. Programmet Memory of the World skal bidra til å verne og gjere viktig norsk dokumentarv tilgjengeleg.
- Originalmanuskriptet Ja, vi elsker av Bjørnstjerne Bjørnson
- Arkivet etter Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab 1760-1860
- Grunnlovsutkasta til C.M. Falsen og G. Adler og Nicolai Wergeland
- Arkitekt og byplanlegger Sverre Pedersens privatarkiv
- Missale Nidrosiense
- Norsk Utvalg for Betong i Sjøvann