Om NTNU Universitetsbiblioteket

Om NTNU Universitetsbiblioteket

NTNU Universitetsbiblioteket er eit offentleg vitskapleg bibliotek, etablert i 1996 i samband med opprettinga av NTNU. Biblioteket har likevel røter tilbake til Det Kongelig Norske Videnskabers Selskabs bibliotek frå 1768, og er såleis det eldste vitskaplege biblioteket i Noreg.

Med 14 campusbibliotek i Trondheim, Ålesund og Gjøvik er hovudoppgåva til biblioteket å støtte forsking, undervising og formidling ved NTNU. Primærbrukarane våre er studentar og tilsette ved NTNU, men alle kan låne frå samlingane ved biblioteket.

Les mer om NTNU Universitetsbiblioteket på Wikipedia.

UB - SoMe