Previous Page  51 / 60 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 51 / 60 Next Page
Page Background

51

ZEB

annual report 2015

Nullutsleppshuset ZEB Living Lab står

ferdig bygd ved Perleporten på NTNU

Campus Gløshaugen. Huset, som har

buareal på 100m

2

, er bygd med det aller

siste av teknologi for energisparing og

effektivisering og utnytting av fornybar energi

til energiproduksjon. Sidan oktober 2015 har

det budd tre ulike bebuargrupper i huset, og

tre nye grupper skal inn før den første runda

av kvalitative eksperiment er over i slutten

av april 2016. Målet med dei kvalitative

eksperimenta er å lære meir om samspelet

mellom brukarar og nullenergibygg, noko som

vil gjere framtida betre budd for innføring av

nullutsleppshus.

Dei kvalitative eksperimenta som no

føregår inne i laben er unike av sitt slag

i Noreg og er viktige for å forstå betre

korleis brukarane og huset kan påverke

kvarandre gjensidig. Brukarar kan påverke

bygget sine føresetnader om nullutslepp, og

nullustleppsbygg kan på den andre sida også

påverke kvardagslivet og rutinane til folk. Frå

innovasjonslitteraturen innanfor samfunnsfaga

er det poengtert at nye og viktige oppdagingar

ofte gjerast ved bruken av ein ny teknologi.

Innspel frå faktiske brukarar er difor svært

hjelpsame for at teknologien skal gjerast

tilgjengeleg for ei større gruppe menneske.

Dei kvalitative eksperimenta i Living Lab kan

soleis bidra til å avdekkje utfordringar eller

føremoner med nullutsleppsbygg som er

vanskelege å tenkje seg til og som betre kjem

til syne ved faktisk bruk.

Eksperimenta er satt opp på følgjande

måte: Det er seks grupper som er utvalde

til å bu i labben i ei periode på 25 dagar

kvar. Dei utvalde gruppene bur til vanleg i

studentkollektiv, leilegheit, rekkehus eller

hus, og desse bustadene har ingen spesielle

ambisjonar om låg energibruk. To og to

av desse gruppene er så like som mogleg

med omsyn til livssituasjon, alder, kjønn og

tal på personar. Vi har difor to grupper à to

studentar, to grupper à to barnefamiliar (med

to barn kvar), og to grupper à eit eldre par

rundt 60 år gamle. Ved å ha to like grupper

kan vi samanlikne funn og betre forstå i kva

grad likskapar og skilnader er knyta til gruppa

som einskildgruppe eller til andre faktorar.

Kvalitative eksperiment er naturlegvis ikkje

like rigorøse som kontrollerte eksperiment

i lukka laboratorium, men dei gjev eit nytt

perspektiv og breiare samanlikningsgrunnlag

enn alternative tilnærmingar.

Datainnsamlinga som vert gjort under

residensperioden for kvar gruppe er brei, og

metodane er ei blanding av antropologiske

og sosiologiske tilnærmingar til forståing av

energiforbruk. Vi gjer intervju med bebuarane

både før, under og etter opphaldet i laben.

Vi gjer deltakande observasjon som skjer

sporadisk under dei 25 dagane og på ulike

tidspunkt av døgnet. Bebuarane fører sjølve

ei dagbok som dei fyller ut kvar dag, der

dei skriv ned daglege aktivitetar, og andre

observasjonar og refleksjonar om huset.

Bebuarane har også tilgang på eit kamera

som dei kan filme seg sjølve med under

ulike daglegdagse aktivitetar, og det ligg

ei «hyttebok» i huset der både gjestar og

bebuarane sjølve kan skrive ned deira tankar

om huset. I tillegg til alt dette vert det ved

hjelp av sensorar plasserte på ulike punkt

inne i huset logga informasjon om energibruk,

energiproduksjon og inneklima. Sensorane

måler blant anna temperatur, CO

2

nivå,

straumbruk, luftfuktigheit og rørsle for å sjå

kva rom som er mest i bruk.

Eit utval data registrert av sensorane vert

så presenterte til brukarane i intervjuet

etter opphaldet i Living Lab, der dei kan

lufte refleksjonar og tankar om deira eigen

energibruk i opphaldstida. På denne måten

kan vi seie noko om skilnaden mellom tenkt

og faktisk energibruk i eit nullutsleppsbygg

versus «vanlege» heimar.

Ved å analysere og samanlikne data frå

alle gruppene vil vi med dei kvalitative

eksperimenta i Living Lab kunne bidra til å

betre forstå korleis nullutsleppsbygg kan

fungere i ein norsk kontekst. Kor viktig er det

til dømes for de ulike gruppene å ha tilgang

på koseleg peisvarme og kald nattluft?

Eksperimenta i Living Lab er med på å

løyse utfordringar knytta til å dekkje vanlege

huseigarar sine dagleg behov samstundes

som framtidas klimautfordring vert møtt.

All photos by Ole Tolstad and Ruth Woods