Opptak - doktorgrad - ph.d.
Opptak og finansiering
Opptak og finansiering
Krav til opptak
For å kunne få opptak til eit ph.d.-program må du ha
- finansieringsplan og
- mastergrad eller anna likeverdig utdanning. Sjå meir om kvalifikasjonskravet.
Innan mange fagområde gjennomførast ein femårig mastergrad som 3-årig bachelor (min. 180 studiepoeng) + 2-årig master (min. 120 studiepoeng).
Det krevst sterk fagleg bakgrunn frå tidlegare studium, mellom anna i form av karakteren B eller betre i vektet gjennomsnitt dei siste 2 åra av masterstudiet.
Dersom du har utdanning frå utlandet, kan du sjølv kontakte NOKUT for godkjenning av utdanninga, Alternativt vil ei tilsvarande vurdering bli gjort i samband med søknadsprosessen. Det enkelte fakultet eller program kan stille ytterlegare krav til kvalifikasjonar.
Finansiering
Finansiering er heilt avgjerande for å kunne starte på ei organisert doktorgradsutdanning som ph.d.-studiet. Ph.d.-kandidatar har nemleg ikkje studentstatus i Noreg og kan difor heller ikkje få støtte frå Lånekassen.
Dei fleste ph.d.-kandidatane ved NTNU er tilsette som stipendiatar, anten ved NTNU eller ved ein høgskule. Du kan finne ledige stillingar på NTNUs eigne nettsider og på jobbnorge.no. I tillegg kan du inngå ein avtale om finansiering gjennom annan arbeidsgivar eller via Forskningsrådet i form av nærings-ph.d. eller offentleg sektor-ph.d.
Rettleiing
Det er viktig at du tidleg kjem i kontakt med det aktuelle fagmiljøet og finn ein potensiell hovudrettleiar. Hovudrettleiar skal vere klar ved søknad om opptak, og du skal normalt ha minst to rettleiarar. Ved hjelp av nettsidene til institutta kan du finne informasjon om kva dei ulike fagpersonane arbeider med, og kven som kan vere aktuell for deg og prosjektet ditt.
Dersom du er knytt til eit større forskingsprosjekt, inngår vanlegvis rettleiar i prosjektgruppa. Minst éin av rettleiarane, normalt hovudrettleiar, skal vere tilsett ved NTNU. Dette gjeld også for eksternt tilsette ph.d.-kandidatar.
Søknadsprosess
Søknad om opptak setjast opp i samråd med hovudrettleiar. I tillegg til det fastsette søknadsskjemaet skal søknaden innehalde følgjande vedlegg:
- Dokumentasjon på tidlegare utdanning.
- Dokumentasjon av utanlandsk utdanning.
- Dokumentasjon på finansiering.
- Prosjektbeskriving, anten førebels eller fullstendig. Dersom du får levere førebels prosjektbeskriving, skal fullstendig prosjektbeskriving vere klar seinast innan 6 månader etter opptak.
Det skal gjerast greie for eventuelle rettslege og etiske problemstillingar. Dersom prosjektet er avhengig av løyve frå forskingsetiske komitear eller andre styresmakter eller frå private, bør desse ligge ved søknaden så langt det er mogleg. Det enkelte fakultet og program kan ha eigne søknadsskjema og prosedyrar.
Søknaden sendast via instituttet til fakultetet. Det er kontinuerleg opptak på ph.d.-utdanninga. Du kan finne meir konkret informasjon om prosessen og opptaksprosedyren på sidene til det enkelte ph.d.-programmet eller kontakte kontakte fakultetet direkte.