Dr.philos.
Dr.philos.
Dr.philos.
Dersom du ønskjer å ta ein doktorgrad, men av ulike grunnar ikkje kan følgje ei organisert doktorgradsutdanning kan du levera ei avhandling til vurdering for graden dr.philos.
Graden dr.philos. er likestilt med ph.d. når det gjeld fagleg nivå og kvalitet, og det er dei same krava til forskarkompetanse.
Dr.philos. er eit fullstendig sjølvstendig studium der du ikkje har krav på rettleiing, opplæring, arbeidsplass eller andre hjelpemiddel frå institusjonen. Arbeidet med ein dr.philos.-avhandling blir gjord normalt ved sida av anna arbeid, og du kjem først i kontakt med NTNU når avhandlinga er klar for levering.
Alle norske og nordiske statsborgarar som har teke eksamen av høgare grad, har høve til å levera ei avhandling til vurdering for graden dr.philos. Om du ikkje er norsk eller nordisk statsborgar må fagmiljøet levera ein grunngitt søknad og innstilling til fakultetet for at avhandlinga skal kunna vurderast.
Sidan det ikkje er krav til ein organisert opplæringsdel er det forventa at sjølve avhandlinga er noko meir omfattande enn det som normalt krevst av ein ph.d.-avhandling. Vurderingskomiteen legg spesielt vekt på om avhandlinga er eit sjølvstendig og heilskapleg vitskapleg arbeid på høgt fagleg nivå når det gjeld problemstilling, metodisk, teoretisk og empirisk grunnlag, dokumentasjon, behandling av litteratur og framstillingsform.
Søknad om vurdering
Anmodning om å få arbeidet vurdert skal leverast til det aktuelle fakultetet saman med fem eksemplar av avhandlinga i innbunden eller hefta stand. Du må leggje ved stadfesta kopi av vitnemål som dokumenterer avlagde eksamenar og grader. Om du er i tvil om kva fakultet som skal bedømma avhandlinga, kan førespurnaden stilast til rektor.
Vi tilrår at du kontaktar det aktuelle instituttet/fagmiljøet før du leverer, til dømes med tanke på saksbehandlingstid og oppnemning av vurderingskomité.
>> Oversikt over kontaktpersoner på doktorgradsutdanninga ved fakulteta