Strategi
Strategi for 2021-2025
Strategi for 2021-2025
IMUs strategi for 2021-2025
Visjon og verdiar
Visjonen til Institutt for musikk er «Kunnskap for ei betre verd». Institutt for musikk tek utgangspunkt i NTNUs verdiar: kreativ, konstruktiv, kritisk og respektfull.
Samfunnsoppdrag
IMU skal utdanne musikarar, musikk- og dansevitarar til musikklivet, kultursektoren, utdanningssektoren og offentleg verksemd. Våre kandidatar skal kunne bruke sin kunstfaglege bakgrunn til å påverke ordskiftet i samfunnsdebatten, og dei skal vite og kunne formidle kvifor musikk og dans er ein vesentleg del av eit meiningsfullt liv som menneske.
Vi oppfyller samfunnsoppdraget ved at vi:
- utviklar og spissar våre miljø innan utdanning, formidling, forsking, og kunstnarleg utviklingsarbeid
- tilbyr ei brei og solid studieportefølje innan musikkfagleg kompetanse gjennom våre program som gjer utdanningstilbodet vårt fleksibelt og samfunnsrelevant.
PDF av strategi
Kjerneoppgåver
Kjerneoppgåver
Utdanningstilbodet ved IMU er forskingsbasert, held høg standard og studieporteføljen er basert på solide fagdisiplinar. IMUs utdanning har høg relevans for arbeidslivet gjennom tett samarbeid mellom IMU og arbeids- og samfunnsliv. Studietilbodet vårt er ettertrakta, har høg studenttilfredsheit og lågt fråfall.
Undervisarane våre utfører samfunnsoppdraget med engasjement. Dei har høg fagleg kompetanse og gode pedagogiske ferdigheiter, og dei bruker fleksible og nye læringsformer der det er pedagogisk og teknologisk føremålstenleg.
Vårt utøvarstudium i klassisk-kyrkje og jazz skal ha solid basis i vokale og instrumentale handverkstradisjonar, og samtidig utvikle allsidigheit og entreprenørskapskompetanse for eit musikkliv i endring. Våre fagmiljø innan musikk- og dansevitskap skal gi instituttet forskingsforankring og utdanne høgt kvalifiserte kandidatar med kunnskap om kva musikk og dans har vore, er, og kan vere for menneske og samfunn, til arbeidsområde innan kulturlivet, mediebransjen, utdanningssektoren og offentleg verksemd. Musikkteknologimiljøet skal sikre at instituttet er delaktig i ei teknologiutvikling som endrar musikken og musikkbransjen og skal utdanne kandidatar med høg kompetanse på framføringsteknologi og innovativ musikkteknologi til bruk på mange ulike område i samfunnet.
Strategiske utviklingsmål:
- Styrke arbeidslivsrelevansen og kontakten med arbeidslivet
- Tydeliggjere profilen på våre studieprogram og på samfunnsrelevansen våre studieprogram har ut frå FNs berekraftsmål
- Styrke undervisningssamarbeidet mellom studieprogram der det er relevant
- Skape gode læringsmiljø som fremjar samarbeid og skaper tilhøyrsle, også på tvers av studieprogramma
- Arbeide for god kjønnsbalanse i studentgruppene
- Styrke det pedagogiske utviklingsarbeidet
IMU har fagleg tilsette i ein god balanse av utøvarar og forskarar, som alle er dyktige pedagogar, i ein føremålstenleg balanse med heil- og deltidsstillingar. IMU har ein velfungerande administrasjon som saman med dei faglege leiarane samarbeider konstruktivt og godt slik at IMU når sine strategiske mål. IMU har ein god kjønnsbalanse i staben.
Strategiske utviklingsmål
- Sikre og styrke fagmiljøa gjennom strategisk rekruttering, både administrativt og fagleg.
- Styrke kjønnsbalansen gjennom bevisst rekruttering, personaloppfølging og organisasjonsarbeid
- Vidareutvikle den faglege leiinga gjennom ein nestleiar for forsking og ein nestleiar for utdanning.
- Styrke samarbeid og samhald på tvers av campus i sentrum og campus på Dragvoll
- Bidra til styrka forvaltning av instituttets areal.
- Vidareutvikle samarbeidet med partnarar i KAMD-prosjektet og sikre kvaliteten på nybygg ved flytting til nytt campus
IMUs forsking stiller nye spørsmål og bringer fram kunnskap som svarar på sentrale samfunnsutfordringar lokalt, nasjonalt og internasjonalt. IMU er eit sterkt disiplininstitutt som bidrar både til grunnforsking og anvend forsking innan alle våre fagområde. Innan kunstnarisk utviklingsarbeid er IMU heilt i topp nasjonalt med eit sterkt, innovativt og relevant forskingsmiljø på tvers av alle IMUs fagområde.
Strategiske utviklingsmål:
- Styrke forskingsfeltet gjennom eit forskingsutval leia av nestleiar for forsking (sjå eige mandat)
- Sikre at nye ph.d.-stipendiatar, både kunstnarlege og vitskaplege, passar inn med IMUs strategiske mål og rettleiingskapasitet
- Jobbe for at ph.d.-stipendiatar, der det er relevant, skal få arbeidstid på fire år med eit års undervisning
- Synleggjere breidde og spesialisering i kunstnarisk verksemd ved instituttet.
IMUs tilsette har kompetanse i forskingsformidling og er blant NTNUs fremste formidlarar av fagleg innsikt i ulike former og i ulike fora, både populærvitskapleg, kunstnarleg, til andre fagfellar og anna. Instituttet er ein synleg aktør i offentlegheita, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Vi skal bidra til ein kunnskapsbasert samfunnsdebatt.
Strategiske utviklingsmål:
- Vere ein tydeleg premissleverandør for offentleg debatt og samfunnsutvikling i tilknyting til musikkens plass og betydning i menneskets liv
- Synleggjere kvaliteten og relevansen i IMUs utdanningstilbod
- Bidra til å styrke kunstfaga si plass og rolle i samfunnet
- Sørgje for at forsking og forskingsresultat kjem samfunnet til gode gjennom målretta formidling i opne, digitale og allment tilgjengelege kanalar
IMUs nyskaping bidrar til positive forandringar og har nytteverdi for økonomi, samfunn, kultur, offentlege tenester, velferd, miljø og livskvalitet utanfor den akademiske verda.
Strategiske utviklingsmål:
- Styrke samarbeidet med kulturliv, offentleg verksemd og næringsliv
- Utvikle studieprogram som eit slikt samarbeid kan avdekke
- Bidra til utviklinga av Framtidas HumSam
- Vere i tet når det gjeld kunstnarleg forsking og nyskaping innan dette feltet