Forskning - Institutt for Musikk
Forsking
Institutt for musikk (IMU) ved NTNU er involvert i eit breitt spekter av forsking og kunstnarisk utviklingsarbeid. Sidan 2017 har forskingskonsertar vore ein hovudarena for formidling på IMU, og i 2020 vart NTNU – Artistic Research Week etablert for å fremje samarbeid mellom kunstnariske fagområde.
Kunstnarisk utviklingsarbeid og forsking
Kunstnarisk utviklingsarbeid er sentralt ved IMU og likestilt med forsking ved NTNU. Dette inkluderer både utøvande musikk og musikkteknologi. Stipendiatane våre innan kunstnarisk utviklingsarbeid deltek i eit tverrkunstnarisk og tverrfakultært program i samarbeid med fakulteta for humaniora og arkitektur og design.
IMUs kunstnariske utviklingsarbeid og forsking blir vist gjennom vitskaplege publikasjonar, konsertar, plateutgivingar og konferansebidrag nasjonalt og internasjonalt. IMU deltek også i pedagogisk forsking og er ein aktiv deltakar i forskingsnettverket “Musikkpedagogikk i utvikling”, i samarbeid med Nord universitet, DMMH og NTNU.
Institutt for musikk har rundt 80 forskarar og utøvande kunstnarar, inkludert faste tilsette, emeriti og gjesteforskarar. Forskinga vår dekkjer fire hovudområde.
Pågåande forskingsprosjekt
Woven
Kva er ein norsk komponist?
Universitetskulturskoleprosjektet (UniKuP)
Ph.d. ved Institutt for musikk
Doktorgradsutdanning ved Institutt for musikk
Våre stipendiatar:
Forskningsgrupper ved instituttet
Ei oversikt over forskingsgrupper ved Institutt for musikk og deira fokusområde
Konsertar og arrangement
Ei oversikt over konsertar og arrangement ved institutt for muskk