Instituttet no og før

Institutt for musikk

Instituttet no og før

Ved Institutt for musikk (IMU) har vi alt frå utøvarfokusert profesjonsutdanning innan klassisk og jazz, til studium som kombinerer utøvande- og refleksjonsfag, der vi innan mange sjangrar og område undersøker nærare kva musikk og rørsle har vore, er og kan vere for mennesket.

I Trondheim har vi utdanna musikarar og andre musikkfolk sidan 1911. Gjennom desse meir enn 100 åra har vi utvikla eit sterkt og internasjonalt anerkjent fagmiljø som tilbyr eit mangfald av utdanningsvegar innan musikk.

Instituttet blei oppretta gjennom ei samanslåing av Musikkvitskapleg institutt (1962) og Musikkonservatoriet i Trondheim (1911) 1. september 2002. Instituttet består i dag av ca. 150 tilsette og ca. 500 studentar, fordelt på fagfelta musikkvitskap, dansevitskap, musikkteknologi og utøvande musikk. Som del av eit heilskapleg institutt for musikk er også musikkvitskapen og musikkteknologien ved NTNU praktisk-estetiske fag med kunstnarleg utøving. 


Samfunnsoppdrag

Samfunnsoppdrag

Institutt for musikk skal utdanne musikarar, musikk- og dansevitarar til musikklivet, kultursektoren, utdanningssektoren og offentleg verksemd. Våre kandidatar skal kunne bruke sin kunstfaglege bakgrunn til å påverke ordskiftet i samfunnsdebatten, og dei skal vite og kunne formidle kvifor musikk og dans er ein vesentleg del av eit meiningsfullt liv som menneske.

Instituttets strategi


Instituttets leiing

Instituttets leiing

Institutt for musikks leiargruppe jobbar saman på tvers av instituttets fagområde og studieprogram.

Instituttets leiargruppe inneverande leiarperiode

Instituttet har valt utvida leiargruppe som sitt medverknings- og medbestemmingsorgan.

Samansetjinga av utvida leiargruppe


Utgjevingar og publikasjonar

Instrument og utstyr

Instrument og utstyr

Instituttet har ein stor park av instrument og utstyr som blir brukt i undervisning og forsking. 

Les meir om instrument og utstyr


Finn studentar til betalte oppdrag

Finn studentar til betalte oppdrag

Ønskjer du å finne studentar som tek betalte oppdrag?

Her finn du lister over studentar som har meldt at dei er aktuelle for betalte oppdrag ved sidan av studia inneverande studieår.


Kontakt

Kontakt

Nora Bilalovic Kulset
Instituttleiar  

 


  Tilsette

  Om instituttet


   73 59 73 00

   kontakt@musikk.ntnu.no

Besøk oss - Olavskvartalet

Besøk oss - Olavskvartalet

Kartutsnitt Olavskvartalet, lenke til MazeMap

Instituttets ekspedisjon og utøvande musikk

Besøks- og leveringsadresse

Olavskvartalet, 6. et., Trondheim sentrum

Postadresse

NTNU Institutt for musikk
7491 Trondheim

Besøk oss - Fjordgata

Besøk oss - Fjordgata

Kartnutsnitt Fjordgata 1, lenke til MazeMap

Musikkteknologi
Fjordgata 1, 3. et., Trondheim sentrum

Besøk oss - Dragvoll

Besøk oss - Dragvoll

Kartutsnitt Dragvoll, musikkteknologi, lenke til MazeMap

Musikkvitskap
Dragvoll, bygg 2, nivå 4

Besøk oss - Idrettssenteret

Besøk oss - Idrettssenteret

Kartutsnitt, Idrettsbygget, lenke til MazeMap

Dansevitskap
Dragvoll, Idrettssenteret, 4. et. fløy B