Samfunnsfagene – Ansatte – Institutt for lærerutdanning
MENY
Samfunnsfagene
Institutt for lærerutdanning
Samfunnsfagene
Samfunnsfagseksjonen er eit av Norges største fagmiljø for skuleretta kompetanse og fagdidaktikk i samfunns- og religionsfaga.
Våre forskargrupper arbeider med relevante problemstillingar innan fag og fagdidaktikk, i samarbeid med fagfellar nasjonalt og internasjonalt. Vi arbeider òg målretta med å styrke utdanninga for arkiv, museum og dokumentasjonsforvalting.
Forskingsbasert utdanning bidreg til at kandidatane våre kan møte utfordringar i samtid og framtid. Fagfellesskapa våre utviklar samfunns- og fagkritisk innsikt, og fyller slik også intensjonar i lov og læreplan.
Fagseksjon for samfunnsfaga tilbyr emnemodular innan:
- grunnskulelærarutdanning 1.–7. trinn og 5.–10. trinn
- lektorutdanning for trinn 8–13
- praktisk-pedagogisk utdanning (heiltid og deltid)
- bachelor i arkiv, museum og dokumentasjonsforvaltning
- master i arkiv og dokumentasjonsforvalting
- etter- og vidareutdanning i arkivstudiar og lærarutdanning
- introduksjonsemne og ekspertar i team
- ph.d.-emne