Tittel

Vurdering av restriksjonar på køyring av Sundsbarm kraftverk i samband med isproblem i Bøelva.

Type

Hydraulisk modellering, dataanalyse, vasstemperatur, GIS

Kontakt / veileder

Knut Alfredsen NTNU, Morten Stickler Skagerak Kraft AS

Sted

Trondheim

I samband med Sundsbarmreguleringa har Sundsbarm kraftverk (SK), pålagt ved skjønn å halde ei minstevassføring i Bøelva målt ved Hagadrag på 3,0 m3/s. Det er seinare inngått ein minneleg avtale med Bø kommune om høgare vassøring ved Hagadrag (4-4,5 m3/s) på grunn av drift av Oterholtfossen kraftverk. Ved spesielle verforhold og vassføringar kan det oppstå uønska gjenfrysing/isgang i Bøelva. Sundsbarm Kraftverk har rutiner og tilpassa drift for å minimalisere isproduksjonen i Bøelva. Rutinane er basert på driftserfaring og kvalitativ kunnskap knytt til lufttemperatur og vassføring. Før drifta vart tilpassa så var det i periodar både brukt sprenging og gravemaskiner for å løyse opp ispropper i Bøelva. Det er ikkje er observert skader på grunn av is i Bøelva i dei seinare åra, og det er difor eit ønskje om å vurdere ordningane sidan desse er kostbare med tanke på redusert kraftproduksjon.

Målet med denne oppgåva er å bruke nye data til å vurdere ordningane og om desse kan tilpassast ein større produksjon av kraft. Oppgåver i prosjekt/master.

  1. Feltarbeid i Bøelva, utplassering av sensorar og innhenting av data om lokalklima, drift av kraftverk og ishendingar.
  2. Vurdere potensielle område i Bøelva med tanke på produksjon av sarr og botnis utifrå kunnskap vi har om kva faktorar som styrer isproduksjon.
  3. Vurdere samanheng mellom drift av Sundsbarm kraftverk og vasstemperatur i Bøelva på vinteren, inkludert effekta av Seljordsvatnet.
  4. Bruk av ismodellen River1D til å vurdere vasstemperatur og mogleg isproduksjon i Bøelva. Vurdere modell mot enkle overslagsmetoder og korleis regimet i dag stemmer med resultat frå analysene.

Prosjektet er eit samarbeid med Morten Stickler i Skagerak Kraft. Prosjektet vil innehalde hydrauliske modellering, analyse av klimadata og bruk av GIS.


  • No labels