Tittel | Vurdering av restriksjonar på køyring av Sundsbarm kraftverk i samband med isproblem i Bøelva. |
Type | Hydraulisk modellering, dataanalyse, vasstemperatur, GIS |
Kontakt / veileder | Knut Alfredsen NTNU, Morten Stickler Skagerak Kraft AS |
Sted | Trondheim |
I samband med Sundsbarmreguleringa har Sundsbarm kraftverk (SK), pålagt ved skjønn å halde ei minstevassføring i Bøelva målt ved Hagadrag på 3,0 m3/s. Det er seinare inngått ein minneleg avtale med Bø kommune om høgare vassøring ved Hagadrag (4-4,5 m3/s) på grunn av drift av Oterholtfossen kraftverk. Ved spesielle verforhold og vassføringar kan det oppstå uønska gjenfrysing/isgang i Bøelva. Sundsbarm Kraftverk har rutiner og tilpassa drift for å minimalisere isproduksjonen i Bøelva. Rutinane er basert på driftserfaring og kvalitativ kunnskap knytt til lufttemperatur og vassføring. Før drifta vart tilpassa så var det i periodar både brukt sprenging og gravemaskiner for å løyse opp ispropper i Bøelva. Det er ikkje er observert skader på grunn av is i Bøelva i dei seinare åra, og det er difor eit ønskje om å vurdere ordningane sidan desse er kostbare med tanke på redusert kraftproduksjon.
Målet med denne oppgåva er å bruke nye data til å vurdere ordningane og om desse kan tilpassast ein større produksjon av kraft. Oppgåver i prosjekt/master.
Prosjektet er eit samarbeid med Morten Stickler i Skagerak Kraft. Prosjektet vil innehalde hydrauliske modellering, analyse av klimadata og bruk av GIS.