You are viewing an old version of this page. View the current version.

Compare with Current View Page History

« Previous Version 4 Current »

Bakgrunn: Strengare krav til lufttettheit til ein bygning har bidratt til eit mylder av forskjellige teipprodukt på den norske marknaden. I det nye ZEB-laboratoriet til NTNU og SINTEF blir det eksempelvis brukar vi totalt 5,8 km teip fordelt på seks forskjellige typar. Det er ulike teipar til ulike typar vindsperre og til ulike typar dampsperre, òg det blir bruka eigen type teip rundt vindauga.

Med den stadig aukande bruken av teip dukkar det opp fleire spørsmål som: Kor bestandige er dei? Kor godt heftar dei eigentleg til ulike underlag? Korleis er heften påverka av skit og støv på underlaget. Korleis sikrar ein god heft ved bruk i ulike temperaturar? Kva skjer når teipen blir fuktig? Korleis skal ein teste heft til ulike underlag?

Gjennom forskingsprosjekta TightEN og SFI Klima 2050 ved SINTEF og NTNU har vi hatt fleire studentoppgåver det siste året som har sett på bruk av teip. Vi har mellom anna sett at dampmotstanden til vindsperreteip er overraskande høg. Det same gjeld for klebefelt i kombinerte undertak og vindsperrer.

Kort beskriving av oppgåva: Vi ønskar at du fokuserer spesielt på heft-tematikken. Prosjektoppgåva vil fungere som eit forprosjekt og innleiing til masteroppgåva. I prosjektoppgåva skal du bli kjent med problemstillinga og sette deg inn i relevant teori. I masteroppgåva vil du gjennom laboratoriearbeid prøve å gi svar på nokre av spørsmåla gitt over.

Talet på studentar på oppgåva: 1-2

Kontaktperson ved IBM: Tore Kvande tore.kvande@ntnu.no
Ekstern samarbeidspartner: SINTEF.


  • No labels