Tittel: Kantbjelke i trebjelkelag; eit skjult fuktproblem?

Bakgrunn: I lette bindingsverkskonstruksjonar med mellombjelkelag av tre er det vanleg å avslutte den innvendige dampsperra over og under mellombjelkelaget. Det gjer at det ikkje er noko innvendig dampsperre i bjelkelaget sitt areal. Her er avstanden mellom inne- og uteklima kort, og vanndamp frå innelufta kan diffundere utover i veggkonstruksjonen. Ei masteroppgåve frå 2020 avdekka gjennom fuktberekningar at konstruksjonsløysninga kan gi oppfukting av trebjelkelaget sin kantbjelke. Sjå figuren under. Ein fuktig kantbjelke kan oppleve problem med muggvekst. I tillegg vil ein fuktig kantbjelke svelle og derfor endre dimensjon samanlikna med resten av trebjelkelaget, noko som lett gir skeive golv.

I samband med Norgeshus sitt innovasjonsprosjekt Verktøykasse for klimatilpasning av boliger har vi instrumentert tre alternative løysningar for kantbjelke i eit hus i Rakkestad. Fukt- og temperatursensorar vart monterte under oppføring av bygget medio november 2022, og vi har overvaka utviklinga sidan da. Innflytting vil vere rundt 1.juni 2023.

Samankoplinga mellom trebjelkelag og yttervegg av tre er eit utfordrande punkt med tanke på å unngå fuktproblem.

Kort beskriving av oppgåva: Oppgåva vil bli utført i samarbeid med forskingsprosjektet Verktøykasse for klimatilpasset bolig og går ut på å evaluere dei tre alternative utformingane for kantbjelken. Prosjektoppgåva vil fungere som eit forprosjekt og innleiing til masteroppgåva, med fokus på å bli kjent med problemstillinga og det pågåande feltforsøket.

Oppgåva er ei vidareføring av ei masteroppgåve frå våren 2020 om Lufttetthet i klemte vindsperreskjøter og fuktteknisk analyse av trebjelkelagets kantbjelke.

Talet på studentar på oppgåva: 1-2
Kontaktperson ved IBM: Tore Kvande tore.kvande@ntnu.no og Lars Gullbrekken, SINTEF lars.gullbrekken@sintef.no


  • No labels