You are viewing an old version of this page. View the current version.

Compare with Current View Page History

Version 1 Next »

Oppgave nr: BF4

Bakgrunn: Ein ny gjennomgang av SINTEF sitt byggskadearkiv gjennomført i samband med innovasjonsprosjektet Verktøykasse for klimatilpasset bolig tyder på ein aukande skadefrekvens for flate kompakte tak. Vi ser spesielt eit behov for betre konstruksjonsdetaljar for trinnfri terrassedør til kompakte takterrassar.

Lufttetning, fuktsikring og varmeisolering av monteringsfuge mellom dørkarm og vegg følgjer dei same prinsippa som for vindusinnsetting, med unntak av horisontalfuga mot dørterskel. Trafikk over dørterskelen gir mekaniske påkjenningar og dermed større risiko for bevegelsar samanlikna med for vinduet. Avstanden mellom terrassedekket og dørterskel kan vere så kort at oppbretten for tekninga blir for kort til å hindre regn og smeltevatn mot monteringsfuga. Låg dørterskel på grunn av krav til universell utforming (UU) og trinnfriheit gir ein terskel med liten plass til klemming av tettesjikt mot terskelen. I tillegg er den korte avstanden problematisk med tanke på plass til å utføre sjølve fugearbeidet. Moderne terrassedører er gjerne tunge på grunn av store trelags isolerruter og når utført som skyvedører. Vekta kompliserer innsettingsarbeidet. Ved terrassedørinnsetting møter fleire fag som tømrar, taktekkar og blikkenslagar. Ansvarsforholda for monteringsfuga er ofte uklare.

Vår erfaring er at prosjektering av terrassedørinnsetting ofte ikkje blir gjort. Spesielt konstruksjonsdetaljen for trinnfri terrassedør til kompakt takterrasse har ein tendens til å bli “utegløymd” eller teikna opp utan nødvendig detaljeringsgrad. Dermed må innsettinga løysast på byggeplass. Kombinert med at mange fag møter kvarandre i monteringsfuga med uklare ansvarsforholda, blir utføringa fort relativt tilfeldig. Legg vi i tillegg til at Byggforskserien manglar gode nok detaljløysningar for terrassedørinnsettinga, er det ikkje rart at terrassedører er gjentakande lekkasjepunkt. 

Kort beskriving av oppgåva: Oppgåva vil bli utført i samarbeid med forskingsprosjektet Verktøykasse for klimatilpasset bolig og går ut på å forbetre innsettingsdetaljen for trinnfri terrassedør til kompakt takterrasse. Prosjektoppgåva vil fungere som eit forprosjekt og innleiing til masteroppgåva, med fokus på å planlegge laboratorieforsøka i masteroppgåva. Laboratorieforsøka vil inkludere utprøving av ulike løysningar med utstyr for fullskala prøving av luft- og regntettheit i SINTEF og NTNU sitt laboratorium. 

Talet på studentar på oppgåva: 1-2
Kontaktperson ved IBM: Tore Kvande tore.kvande@ntnu.no og Lars Gullbrekken, SINTEF lars.gullbrekken@sintef.no

  • No labels