Versions Compared

Key

  • This line was added.
  • This line was removed.
  • Formatting was changed.

Tittel: Kantbjelke i trebjelkelag; eit skjult fuktproblem?

Bakgrunn: I lette bindingsverkskonstruksjonar med mellombjelkelag av tre er det vanleg å avslutte den innvendige dampsperra over og under mellombjelkelaget. Det gjer at det ikkje er noko innvendig dampsperre i bjelkelaget sitt areal. Her er avstanden mellom inne- og uteklima kort, og vanndamp frå innelufta kan diffundere utover i veggkonstruksjonen. Ei masteroppgåve frå 2020 avdekka gjennom fuktberekningar at konstruksjonsløysninga kan gi oppfukting av trebjelkelaget sin kantbjelke. Sjå figuren under. Ein fuktig kantbjelke kan oppleve problem med muggvekst. I tillegg vil ein fuktig kantbjelke svelle og derfor endre dimensjon samanlikna med resten av trebjelkelaget, noko som lett gir skeive golv.

I samband med Norgeshus sitt innovasjonsprosjekt Verktøykasse for klimatilpasning av boliger har vi instrumentert tre alternative løysningar for kantbjelke i eit hus i Rakkestad. Fukt- og temperatursensorar vart monterte under oppføring av bygget medio november 2022, og vi har overvaka utviklinga sidan da. Innflytting vil vere rundt 1.juni 2023.

Image Added

Samankoplinga mellom trebjelkelag og yttervegg av tre er eit utfordrande punkt med tanke på å unngå fuktproblem.

Oppgave nr: BF4

Bakgrunn: Ein ny gjennomgang av SINTEF sitt byggskadearkiv gjennomført i samband med innovasjonsprosjektet Verktøykasse for klimatilpasset bolig tyder på ein aukande skadefrekvens for flate kompakte tak. Vi ser spesielt eit behov for betre konstruksjonsdetaljar for trinnfri terrassedør til kompakte takterrassar.

Lufttetning, fuktsikring og varmeisolering av monteringsfuge mellom dørkarm og vegg følgjer dei same prinsippa som for vindusinnsetting, med unntak av horisontalfuga mot dørterskel. Trafikk over dørterskelen gir mekaniske påkjenningar og dermed større risiko for bevegelsar samanlikna med for vinduet. Avstanden mellom terrassedekket og dørterskel kan vere så kort at oppbretten for tekninga blir for kort til å hindre regn og smeltevatn mot monteringsfuga. Låg dørterskel på grunn av krav til universell utforming (UU) og trinnfriheit gir ein terskel med liten plass til klemming av tettesjikt mot terskelen. I tillegg er den korte avstanden problematisk med tanke på plass til å utføre sjølve fugearbeidet. Moderne terrassedører er gjerne tunge på grunn av store trelags isolerruter og når utført som skyvedører. Vekta kompliserer innsettingsarbeidet. Ved terrassedørinnsetting møter fleire fag som tømrar, taktekkar og blikkenslagar. Ansvarsforholda for monteringsfuga er ofte uklare.

Vår erfaring er at prosjektering av terrassedørinnsetting ofte ikkje blir gjort. Spesielt konstruksjonsdetaljen for trinnfri terrassedør til kompakt takterrasse har ein tendens til å bli “utegløymd” eller teikna opp utan nødvendig detaljeringsgrad. Dermed må innsettinga løysast på byggeplass. Kombinert med at mange fag møter kvarandre i monteringsfuga med uklare ansvarsforholda, blir utføringa fort relativt tilfeldig. Legg vi i tillegg til at Byggforskserien manglar gode nok detaljløysningar for terrassedørinnsettinga, er det ikkje rart at terrassedører er gjentakande lekkasjepunkt. 

Kort beskriving av oppgåva: Oppgåva vil bli utført i samarbeid med forskingsprosjektet Verktøykasse for klimatilpasset boligog går ut på å forbetre innsettingsdetaljen for trinnfri terrassedør til kompakt takterrasseevaluere dei tre alternative utformingane for kantbjelken. Prosjektoppgåva vil fungere som eit forprosjekt og innleiing til masteroppgåva, med fokus på å planlegge laboratorieforsøka i masteroppgåva. Laboratorieforsøka vil inkludere utprøving av ulike løysningar med utstyr for fullskala prøving av luft- og regntettheit i SINTEF og NTNU sitt laboratorium. bli kjent med problemstillinga og det pågåande feltforsøket.

Oppgåva er ei vidareføring av ei masteroppgåve frå våren 2020 om Lufttetthet i klemte vindsperreskjøter og fuktteknisk analyse av trebjelkelagets kantbjelke.

Talet på studentar på oppgåva: 1-2
Kontaktperson ved IBM: Tore Kvande tore.kvande@ntnu.no og Lars Gullbrekken, SINTEF lars.gullbrekken@sintef.no

...