NTNUs historie
NTNUs historie
Historia vår i kort versjon
1760 – Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab blir stifta
I 1760 blei Det Trondhiemske Selskab stifta. I 1767 bytta selskapet namn til Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab, og Vitskapsmuseet og Gunnerusbiblioteket stammar herifrå.
1910 – NTH blir oppretta
I 1910 opna NTH, og tolv år seinare kom Noregs lærarhøgskule (seinare AVH). NTNUs eldste fagmiljø, Bergteknikk, kan føre si historie tilbake til Bergseminaret, som opna på Kongsberg i 1757.
1968 – Universitetet i Trondheim (UNIT) blir oppretta
I 1968 blei Universitetet i Trondheim (UNIT) oppretta, som ei administrativ overbygning over NTH, Lærarhøgskulen og museet og biblioteket ved Videnskabsselskabet. Høgskolane og museet fortsette å fungere som relativt autonome institusjonar, fram til vedtaket om NTNU i 1995.
1996 – NTNU blei oppretta
NTNU blei oppretta i 1996 etter ei samanslåing av Noregs tekniske høgskole (NTH), Den allmennvitskaplege høgskolen (AVH), Vitskapsmuseet (VM), Det medisinske fakultet (DMF), Kunstakademiet i Trondheim og Musikkonservatoriet.
2014 – Nobelpris
Nobelprisen i fysiologi eller medisin 2014 gjekk til hjerneforskerne May-Britt Moser og Edvard Moser ved NTNU. Dei delte prisen med John O’Keefe ved University College London.
2016 – Fusjon
1. januar 2016 fusjonerte NTNU med Høgskolen i Gjøvik, Høgskolen i Sør-Trøndelag og Høgskolen i Ålesund.
2016 – Campusprosjektet starter opp
NTNUs fagmiljø i Trondheim skal samlast frå spreidde lokasjonar til éin samla campus i området rundt Gløshaugen. Prosjektet skal sørgja for at NTNUs campus blir eit strategisk verktøy for å realisera NTNUs faglege ambisjonar, som å jobba meir tverrfagleg.