Studiestart
Spørsmål og svar om studiestart og studiekvardagen
Spørsmål og svar om studiestart og studiekvardagen
FAQ Studiestart og studiekvardagen - historie
FAQ Studiestart og studiekvardagen - historie
Me oppfordrar alle studentane våre til å delta på orienteringsmøte ved studiestart. Her får du mykje informasjon om studiet og praktisk informasjon, i tillegg til at du møter dei du skal studere saman med. Tid og stad for orienteringsmøtet finn du på nettsida til studieprogrammet ditt.
Å studere er meint å vere en heiltidsjobb. Dette betyr at det blir forventa at du jobbar like mykje med studiane som du ville ha gjort i ein kva slags annan jobb.
Fleire emne har krav om obligatorisk oppmøte til undervisning for å få avlegge eksamen. Informasjon om dette finn du i emnebeskrivelsen for ditt emne. Mange av studentane våre kombinerer studiar med å jobbe på kveldstid og i helger, men dette stiller krav til at du studerer strukturert og effektivt, og at du disponerer tida di godt.
Om du følgjer normert (vanleg) studieprogresjon skal du avlegge 30 studiepoeng kvart semester. Kor mykje undervisning du har vil variere, men du må rekne med å ha ca. fire førelesingar og ein-to gruppetimar eller seminar kvar veke. Totalt utgjer dette ca. 10-12 timar undervisning. Resten av arbeidstida er eigenstudier.
Me reknar derfor med at du som heiltidsstudent hos oss studerer ca. 40 timar kvar veke. Det betyr at du skal jobbe om lag 30 timar med studiefaget ditt (sjølvstudium, førebuing og etterarbeid til undervisning) utanom dei timane du er på førelesing og i seminar/gruppearbeid. 1 studiepoeng svarer til mellom 25-30 effektive arbeidstimar.
Enkelte emne har krav om obligatorisk oppmøte til undervisning for å få avlegge eksamen. Informasjon om dette finn du i emnebeskrivelsen for ditt emne.
Sjølv i emne der undervisninga ikkje er obligatorisk bør du delta på førelesingar og seminar og gruppetimar så ofte som mogleg. Du kan ikkje forvente at faglærer vil gjere informasjon og oppgåver som vert presentert i undervisninga tilgjengeleg på andre måtar (for eksempel via Blackboard).
Me oppfordrar deg til å starte dagen med å sjekke NTNU student-e-posten din , Innsida og Blackboard gjennom heile semesteret.
Dette er dei kanalane faglærarar, studierettleiarar og andre ved NTNU vanlegvis vil bruke for å formidle viktige beskjedar og informasjon, og du er pliktig til å halde deg oppdatert på informasjonen me gir deg via desse kanalane.
Alle emneskildringar kan søkas opp på emnekode eller -tittel på NTNUs emnesider. I tillegg finn du emna på studieprogramsidene.
Timeplanen din finn du ved å vere innlogga på Innsida (det er avhengig av at du har meldt deg opp i emnet i Studentweb) og på kvar emneside. Ver merksam på at det kan bli gjort endringar i timeplanen heilt fram til semesterstart. Endringar kan óg skje i Blackboard. Meldinga i Blackboard vil i dei tilfella vere den riktige.