Fagleg literacy i skule og lærarutdanning – Forskning – Institutt for lærerutdanning
Fagleg literacy i skule og lærarutdanning
Fellesnemnaren i Institutt for lærarutdannings tverrfaglege satsingsmiljø er literacy. Omgrepet er gjerne forklart og forstått som skriftkunne eller tekstkompetanse, men omfattar også evna til å handle – identifisere, forstå, fortolke, skape, kommunisere og kalkulere – ved hjelp av tekstar.
Innanfor ulike fag har ein ulike måtar å tenkje og uttrykke seg på, samtidig som grunnleggande kunnskap om språk og tekst er felles. Forskingsmiljøet studerer bruk av fagtypiske og fagovergripande literacy-kompetansar som veg til læring i ulike skulefag, og som inngang til faglege fellesskapar i lærarutdanninga. Dei overordna forskingsspørsmåla er forankra i ein aktuell utdanningspolitisk kontekst og dreiar seg om kva som kjenneteiknar literacy-praksisar i skulefaga og lærarprofesjonane, korleis desse kjem til uttrykk, og korleis ein kan legge til rette for at elevar og lærarstudentar skal utvikle kompetansar som gjer det mogleg å komme tett på faga sin eigenart. Dette dannar grunnlag for forsking på ulike faglege diskursar, læring og profesjonsfagleg praksis.
Forskingsmiljøet starta opp i 2016, og arbeidet femner om ei stor gruppe lærarutdanningsforskarar med ulik fagleg bakgrunn. Ei sentral målsetting er å drive og formidle skulerelevant forsking med vekt på literacy i ulike fag, og både bidra til kompetanseheving lokalt og deltaking på nasjonale og internasjonale forskingsarenaer. Forskarane er organiserte i grupper og arbeider med problemstillingar som har utgangspunkt i fagspesifikke felt, men som kan relaterast til kunnskap om literacy. Forskingsaktiviteten i dei ulike delprosjekta er konsentrert om desse fem hovudområda:
- Naturfagleg og matematisk literacy
- Literacy i samfunnsfag, KRLE og pedagogikk
- Norskfagleg literacy og grunnleggande språklege ferdigheiter
- Engelskfagleg og fleirspråklig literacy
- Literacy i praktiske og estetiske fag
Leiar av forskingsprosjekt
Medlemmer i styringsgruppa
-
Lise Vikan Sandvik Professor og merittert underviser
73595290 +4791785002 lise.sandvik@ntnu.no Institutt for lærerutdanning -
Randi Solheim Professor i norskdidaktikk
73558904 +4747863231 randi.solheim@ntnu.no Institutt for lærerutdanning -
Ragnhild Lyngved Staberg Førsteamanuensis
73559870 +4799744855 ragnhild.l.staberg@ntnu.no Institutt for lærerutdanning