Forskning – Institutt for lærerutdanning
Forsking ved Institutt for lærarutdanning
Dei dyktige lærarutdannarane våre driv forskings- og utviklingsarbeid for å få meir kunnskap om kva som kjenneteiknar god skule og utdanning. Forskinga vår går føre seg i sterke fagmiljø og forskingsgrupper med ein tydeleg fagprofil. Instituttet har eit særleg ansvar for forsking på lærerutdanning, som omfattar profesjonsretta og disiplinretta forsking så vel som kunstnarleg verksemd. Målet er å utvikle den samla kunnskapen i samfunnet, haldningar og evner når det gjeld læring, undervisning og samarbeid. I fagmiljøa våre finn du òg arkiv- og samlingsforvalting, som forskar på utfordringar innan dokumentasjonsforvaltning, digitalisering, open forvalting og personvern.
Nasjonale senter
- Matematikksenteret: Nasjonalt senter for matematikk i opplæringa
- Skrivesenteret: Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking
Sentera er ein del av instituttet. Mandatet deira er å styrke kompetansen i barnehagar, grunnskular, vidaregåande skular og i lærarutdanning.
Nyheiter
- Ph.d.-program i utdanningsvitskap – fagretning lærarprofesjons- og skuleforsking
- Opptak til ph.d.-emnar
- Ph.d.-kandiatar ved Institutt for lærarutdanning
Nordisk forskarskule
NTNU og Institutt for lærarutdanning deltar i det nordiske forskarskulenettverket for lærarutdanningsforsking NorTED.
Kontakt oss
Spør oss om forsking og ph.d.-utdanning på e-post: forskning-phd@ilu.ntnu.no.
Lærersnakk
«Lærersnakk» er ein forskingsformidlingspodcast frå Institutt for lærarutdanning.
I podcasten diskuterer praksisfeltet og forskarar dagsaktuell tematikk frå skulen.