HIPOLS – Forskning – Institutt for lærerutdanning
HIPOLS: Historie, politikk og samfunnsutvikling
Forskargruppa HIPOLS – Historie, politikk og samfunnsutvikling – har utspring i Seksjon for samfunnsfaga ved Institutt for Lærarutdanning ved NTNU. Siktemålet med HIPOLS er å fremja disiplinfagleg, fagdidaktisk og skule- og lærarutdanningsrelevant forsking. Vidare er målet å styrkja dei forskingsbaserte undervisningstilboda i alle lærarutdanningar for historie og samfunnsfaga i skulen og å tilby fagleg rettleiing på BA/FoU-oppgåve, master- og ph.d.-nivå.
Faglege interesseområde for forsking, undervisning og rettleiing ligg innanfor tre breie tematiske klynger, som på fleire område overlappar kvarandre:
- Offentlegheit, meiningsdanning, samfunnsutvikling og samfunnskritikk
- Danningshistorie, danningspolitikk, skulefag og lærarutdanning
- Teoretiske og metodologiske inngangar til samfunnsfagdidaktikken
HIPOLS siktar mot forskingsfinansiering frå nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering. Vi skal og vera aktive i vitskapleg og populærvitskapleg formidling og i utviklingsarbeid, og i nasjonal og internasjonal fagleg nettverksbygging som fremjer våre føremål. Kvart semester arrangerer vi ein seminarserie der prosjektidear, søknadsutkast, manusutkast og tematikkar som er viktige for å byggja infrastruktur rundt forskinga, undervisninga, rettleiinga og formidlinga vår, vert diskutert.
Medlemer er vitskapleg tilsette med historiefagleg, statsvitskapleg, sosiologisk eller annan relevant samfunnsvitskapleg eller humanistisk fagbakgrunn ved NTNU og ved andre høgare utdanningsinstitusjonar i inn- og utland. Interesserte lærarar og skuleleiarar, samt masterstudentar kan og vera tilknytt forskargruppa.
Forskningsprosjekt
- The 8th International IRAHSSE Conference 2024 in Trondheim
- COURSE - Concept learning and reasoning in social studies education
- Begynnaropplæring i samfunnsfag
- Samfunnsfagene i Norden
- Nasjonal skulefagutvikling
Annan informasjon om HIPOLS
HIPOLS-medlemer har vore og er sentrale i arbeidet med nordiske fagtidsskrift på det samfunnsfagdidaktiske feltet og forskargruppa har blant anna difor eit breitt nordisk kontaktnett.
Lise Kvande har vore seksjonsredaktør for samfunnsfaga for Acta Didactica Norden (gjeve ut av UiO) - Acta Didactica Norden (uio.no) og er no redaksjonsrådsmedlem for Nordidactica – Journal of Humanities and Social Science Education (gjeve ut av Karlstads universitet) - Nordidactica. Journal of Humanities and Social Science Education (lu.se).
Roar Madsen er tidlegare vitskapleg redaktør for same tidsskrift og sit no også i redaksjonsrådet.
Mange HIPOLS-medlemer driv aktivt med fagleg kvalitetssikra formidlingsarbeid, og har publisert ei rad artiklar i Store norske leksikon, Norsk biografisk leksikon og på Wikipedia, ytra seg om faglege spørsmål i media, har hatt populærvitskaplege føredrag eller har produsert podcastar.
HIPOLS-medlemene Gunnar Grut og Martin Øystese var blant dei sentrale i ein serie på tre podcast-episodar under tittelen «Lærarkrigen mot Quisling» 80 år etter læraraksjonen mot nazifisering av skulen i 1942.
Døme på leksikonformidling er at tre HIPOLS-medlemer no er fagansvarlege for Store norske leksikon:
- Peter S. Lunga er fagansvarleg for «Englands historie», «Biografier i Englands historie» og «Skottlands historie». Sjå artiklane frå Peter Sigurdson Lunga.
- Magne Brekke Rabben er fagansvarleg for «Internasjonal teknologi- og industrihistorie», «Biografier i norsk teknologi- og industrihistorie» og «Sykkel». Sjå artiklane frå Magne Brekke Rabben.
- Roar Madsen har fagansvar for «Nord-Irlands historie.». Sjå artiklane frå Roar Madsen.
Mange av HIPOLS-medlemene har lagt ned mykje innsats for «Nasjonalt nettverk for samfunnsfaga i lærarutdanningane» heilt sidan før starten i 2017. For tida er Martin Øystese styremedlem, og tidlegare har Per Overrein og Roar Madsen både vore leiarar og nestleiarar. I tillegg til dette har mange HIPOLS-medlemer hatt andre viktige roller i faglege organisasjonar og utval både nasjonalt, lokalt og i nokon grad internasjonalt. Guro Jørgensen er for tida sekretær i «Trondhjems Historiske Forening» (THF). Jakob Maliks har tidlegare vore leiar for den same foreininga, og sit for tida i styret for «Den norske historiske forening» (HIFO). Han er også leiar for humanistisk klasse og styremedlem i «Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab», medlem i «Det nasjonale publiseringsutvalet» og medlem i den «Nasjonale forskningsetiske komité for samfunnsvitenskap og humaniora» (NESH). Emil Mård Vaadal Eliasson er for tida leiar «HIFO-Trøndelag» (HIFO), og med seg blant styremedlemene har han mellom andre Magne Brekke Rabben og Martin Veier-Olsen. Roar Madsen er styremedlem i «International Research Association for History and Social Sciences Education» (IRAHSSE).
Medlemmar i forskingsgruppe
-
Lars Busterud Universitetslektor historiedidaktikk
73559747 lars.busterud@ntnu.no Institutt for lærerutdanning -
Emil Mård Vaadal Eliasson Universitetslektor i historiedidaktikk
emil.m.v.eliasson@ntnu.no Institutt for lærerutdanning -
Gunnar Inge Grut Universitetslektor, Fagseksjonsleder for samfunnsfagene
+4798093322 gunnar.grut@ntnu.no Institutt for lærerutdanning -
Reidun Heggem Førsteamanuensis
+4797117193 reidun.heggem@ntnu.no Institutt for lærerutdanning -
Guro Jørgensen Førsteamanuensis i samfunnsfag (museumsstudier/museologi). Studieprogramleder for bachelor i arkiv, museum og dokumentasjonsforvaltning
73412993 +4741426569 guro.jorgensen@ntnu.no Institutt for lærerutdanning -
Peter Sigurdson Lunga Førsteamanuensis i samfunnsfag (historie)
+4798878421 peter.s.lunga@ntnu.no Institutt for lærerutdanning -
Peter Mørk Hovedtillitsvalgt i Utdanningsforbundet ved NTNU
73412768 peter.mork@ntnu.no Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking -
Magne Brekke Rabben Førsteamanuensis i samfunnsfag (historie)
73412326 +4790626857 magne.brekke.rabben@ntnu.no Institutt for lærerutdanning -
Yngve Skjæveland Professor i samfunnsfag (historie)
73412099 yngve.skjaeveland@ntnu.no Institutt for lærerutdanning -
Christian Engen Skotnes Universitetslektor i samfunnsfagdidaktikk
+4792644889 christian.skotnes@ntnu.no Institutt for lærerutdanning -
Oddveig Storstad Professor
73591901 +4748119497 oddveig.storstad@ntnu.no Institutt for lærerutdanning -
Stine Johansen Utler Stipendiat i samfunnsfag
+4798855783 stine.j.utler@ntnu.no Institutt for lærerutdanning -
Martin Veier-Olsen Universitetslektor
73559726 +4747801707 martin.veier-olsen@ntnu.no Institutt for lærerutdanning -
Martin Øystese Universitetslektor
+4790642085 martin.oystese@ntnu.no Institutt for lærerutdanning
Eksterne medlemmar i forskningsgruppe
- Førsteamanuensis Fredrik Alvén, Malmö Universitet
- Rektor Knut Christian Clausen, Flora videregåande skole, Florø
- Dosent Håkon Rune Folkenborg, UiT - Norges arktiske universitet
- Dosent Erik Bratland, Nord universitet
- Førsteamanuensis Helga Bjørke Harnes, NLA Høgskolen
- Førsteamanuensis Britt Marie Hovland, NLA Høgskolen
- Konservator/ph.d.-stipendiat Sondre B. Hvam, Jærmuseet
- Professor Oddmund Løkensgard Hoel, Høgskulen på Vestlandet
- Viserektor Nils Petter Lie-Gjeseth, Den norske skole Costa Blanca
- Professor Sissel Rosland, Høgskulen på Vestlandet
- Universitetslektor Leif Sletvold, Universitetet i Sørøst-Norge
- Professor Marie Smith-Solbakken, Universitetet i Stavanger
- Professor Hans Jørgen Wallin Weihe, Høgskolen i Innlandet