Teater bak murane
Teater bak murane
Teater bak murane er eit Kreativt Europa EU-prosjekt som samarbeider med italienske og greske partnarar TYPUS.
Saman med partnarar i Milano og Athen jobbar vi med å utvikle gode praksismodellar for teaterarbeid med unge innsette i fengsel. Våren 2023 blir det gjennomført verkstader og visningar i Bjørgvin fengsel og i Trondheim fengsel. Verkstadene legg vekt på fysisk skodespelararbeid, multimodale fortellarmåtar og arbeid med tekst der det blir henta inspirasjon frå mellom anna Romeo og Julie. På bakgrunn av erfaringane frå verkstadene blir det laga teaterframsyningar i dei tre landa som blir viste på ein teaterfestival i Milano 2024 på Punto Zero sin fengselsscene.
Prosjektansvarleg: Cecilie Haagensen
Leiar Teater bak murane: Marianne Nødtvedt Knudsen
Prosjektleiar TYPUS: Mariacristina Cavecchi, Universitetet i Milano
Prosjektansvarleg Hellas: Eleni Sakellariou
Prosjektgruppe Noreg: Per Mollan (Trondheim fengsel), Astrid Mjanger (Bjørgvin fengsel)
Prosjektdeltakarar: Troels Vestergaard Jensen, Daniel Takle Piel, Maria Lillestøl, Camilla Trosterud