Meritterte undervisarar - Det humanistiske fakultetet
Meritterte undervisarar ved HF
Å bli merittert undervisar ved NTNU er ei anerkjenning av god og systematisk undervisningspraksis utvikla over fleire år. Meritterte undervisarar er viktige bidragsytarar til utvikling av nye undervisningsformer som er forankra i forsking og gjennom erfaringar innanfor eige fagområde. Oppnådd status som merittert undervisar føreset innsats ut over det ordinære.
Undervisarane er inspirerande for fagmiljøa og bidreg til å utvikle kollektiv kultur rundt vidareutvikling av utdanningane ved Det humanistiske fakultetet.
Korleis søkje om status som merittert undervisar
Intervjua er omsette frå bokmål til nynorsk
2023
Hanna Musiol, Institutt for språk og litteratur
Eg er professor i litteratur ved Institutt for språk og litteratur på NTNU. Eg er òg tilknytt The Human Rights Institute (SUNY Binghamton) og har mottatt “The Civic Engagement Award” frå Center for Innovative Teaching (University of Massachusetts Boston).
Eg jobbar med litteratur og transmedial historieforteljing med hovudvekt på menneskelege og miljømessige rettar, migrasjon, postkolonialisme samt kritisk feministisk og antirasistisk pedagogikk. Hovudfokuset mitt i forsking og undervisning er korleis historieforteljing og menneskeleg nysgjerrigheit og utforsking kan ha samfunnsmessig og gjenoppbyggande effekt i tider med store sosio-politiske og teknologiske endringar og miljømessige kriser.
På eit grunnleggjande vis tilhøyrer eit offentleg universitet allmenta og studentane. I tråd med dette har eg alltid fokusert på undervisning og engasjement i fellesskapet i mitt pedagogiske virke. Dette har ført meg langt ut av gangane på universitetet og ut i bybiletet, til kunstnariske verkstader, urbane miljø, ulike grenselandskap, tvers gjennom ei rekkje media.
Gjennom åra har eg undervist på forskjellige nivå på Northeastern University, Simmons College og UMass i Boston, og NTNU. Eg har utvikla mange pedagogiske initiativ med partnarar i europeiske og amerikanske byar, og ingenting av det ville vore mogleg utan glimrande studentar og flinke medlemmar i fagfellesskapet. Studentar, undervisarar og alle andre i det utviklande fellesskapet er alltid medskaparar av kunnskapen som blir produsert. Eg lærer stadig og jamleg av alle desse menneska korleis eg kan undervise betre og tileigne meg betre. Likeså har kollegaer på NTNU, grasrotkollektiv og kulturelle institusjonar vore essensielle for å utvikle og oppretthalde dette arbeidet: Litteratur for inkludering og Poesi utan grenser ved Litteraturhuset i Trondheim, TransLit og NTNU Environmental Humanities-kollegaer, Trondheim Kommune, Mangfaldshuset, Kunsthall Trondheim, Falstadsenteret, Writing Urban Place, OCC!, One By Walking med fleire.
Espen Storli, Institutt for moderne samfunnshistorie
Eg har ei brei undervisningspraksis frå fleire arenaer og har deltatt i fleire undervisningsrelaterte utviklingsprosjekt. Mykje av mi verksemd har føregått i samarbeid med kollegaer, og eg er oppteken av korleis vi som fagfellesskap saman utviklar undervisninga vår. For min eigen del har samarbeidet med kollegaer bidratt til mi utvikling og vore ei styrke for undervisninga, og eg har utvikla eit breitt repertoar av undervisningsmetodar. Mykje av dette utviklingsarbeidet har skjedd innanfor rammene av undervisningsprosjekt som eg har gjennomført saman med kollegaer innad på NTNU eller saman med fagfeller ved andre universitet internasjonalt.
Eg har mellom anna vore sentral i å innføre bruken av case-basert undervisning i historieemne ved NTNU. Her bruker vi spesialskrivne undervisningscaser, som ofte er baserte på vår eigen forsking, til å gjennomføre undervisning som set studenten i fokus gjennom strukturerte diskusjonar. Metoden kan samanliknast med ei sokratisk tilnærming til læring, der undervisar gjennom velgjennomtenkte spørsmål utfordrar studentane til å saman kome fram til nye innsikter. Eg ser på undervisning som ei kollektiv praksis, og eg har nytt godt av samarbeid med kollegaer, og min ambisjon er å vere ei ressurs for mine kollegaer.
2022
Kristine Ask, Institutt for tverrfaglege kulturstudiar
Eg er førsteamanuensis ved Institutt for tverrfaglege kulturstudiar der eg forskar på forholdet mellom teknologi og samfunn. Eg er interessert i korleis digital teknologi blir ein del av kvardagen vår, og korleis det kan føre til nye og uventa bruksområde og tydingar. I tillegg er eg oppteken av korleis teknologi kan brukast for å inkludere og ekskludere sårbare brukargrupper.
I forsking og undervisning kombinerer eg internettstudium og spelstudium med perspektiv frå vitskaps- og teknologistudium (STS). Ved hjelp av kvalitative metodar som intervju og etnografi, og teoretiske perspektiv som aktør-nettverksteori, script og domestisering, er eg oppteken av analyser som undersøker det heterogene, komplekse, foranderlege og relasjonelle.
Eg har ein særleg forkjærleik og fagleg interesse for tematikkar, fellesskap og teknologiar som blir avvist som trivielle. Til dømes internett-subkulturar og fenomen som memes, fangirls og andre deltakande kulturar
John Brumo, Institutt for språk og litteratur
Over mange år på NTNU har eg mellom anna utforska ulike former for gruppeveiledning på masternivå, nettundervisning og aktiviserande undervisning, men eg har særleg utvikla pedagogisk kompetanse på desse tre felta:
Utdanningsleiing: Eg har hatt ulike roller der leiing av utdanning har vore ei hovudoppgåve, bl.a. som instituttleiar, leiar for Forvaltningsutvalet for lektorutdanningane og leiar for ulike studieprogram. Utdanningsleiing er viktig for å ivareta kvalitet og støtte og utvikle dei som står i undervisningssituasjonane til dagleg.
Evaluering og kvalitetssikring av utdanning: Å utvikle utdanning på ein systematisk måte er ein nøkkel til kontinuerleg forbetring og sikre eit heilskapleg blikk på studentens kompetanseutvikling. Eg har deltatt i ei rekkje evalueringar av studieprogram, både i regi av NOKUT og andre institusjonar.
Arbeidslivsrelevans i utdanning: Å knyte utdanning tettare til studentanes framtidige yrke kan både motivere dei og styrke deira attraktivitet på arbeidsmarknaden. Eg har forsøkt å bygge relasjonar til arbeidslivet og integrere relevante oppgåver i undervisninga.
2018
Lars August Fodstad, Institutt for språk og litteratur
Eg er førsteamanuensis i nordisk litteraturvitskap ved Institutt for språk og litteratur. Her har eg undervist dei fleste litterære emna i nordisk samt rettleia ei rekkje masterkandidatar i eit breitt spekter av oppgåvetypar. Som undervisar har eg på ingen måte forkasta førelesingsforma, men supplert med stadig fleire studentaktive læringsformer, både analoge og digitale, til dømes litteraturlaboratorium, modellering av nærløsing, digital og sosial annotering av faglitteratur, samt ulike former og medium for fagskriving.
Eg er oppteken av å utvikle emne med god samanheng mellom læringsmål, vurdering, læringsaktivitetar og faglitteratur, og har særleg vore med på å utvikle nye emne innan lektorprogrammet og vidareutdanningsfeltet. Denne interessa har òg ført til eksperimentering med ulike vurderingsformer, i stadig jakt på løysingar som både bidreg til læring og gir valid og reliabel sluttvurdering.
Ei utfordring som opptar meg spesielt, er å tydeleggjere lektorstudiet si profesjonsrelevans utan å svekke den disiplinfaglege profilen. I denne samanhengen prøver eg å utvikle arbeidsformer som styrker studentane si fagspesifikke literacy – altså deira forståing for og evne til fagleg relevante måtar å bruke språket på, for å tileigne seg, dokumentere, skape og vurdere kunnskap.
Stig Kvaal, Institutt for tverrfaglige kulturstudier
God undervisning og læring krev samspel mellom lærar og studentar. Gjennom erfaring har eg blitt stadig meir medviten på det, og legg derfor mykje vekt på å leggje til rette for samhandling og kommunikasjon. Eg jobbar derfor med å skape dynamikk i undervisninga, og søkjer å variere mellom å førelese, samtale, leggje til rette for diskusjon gjennom å stille spørsmål, gi refleksjonsoppgåver i grupper, bruke ulike digitale verktøy osv. Eg har stor tru på at det gir god læring å vere tett på og involvert i studentane sine læringsprosessar.
I tråd med nyare læringsforsking og utviklinga mot meir aktive læringsformer i høgare utdanning, føregår mykje av undervisninga mi gjennom rettleiing og fasilitering av studentane si kunnskapstileigning. Studentane jobbar i grupper, som sjølv vel prosjektet sitt. Problembasert læring er såleis eit overordna prinsipp.
Eg har gjennom erfaring sett at det er avgjerande å etablere eit opent og inkluderande læringsklima. Målet er at alle skal kjenne ei forplikting overfor kvarandre og få eigarskap til dei prosjektmåla dei sjølv set. Studentane må føle seg sett og ha fridom, men også ansvar. Blant anna skriv gruppene refleksjonsloggar, som er utgangspunkt for samtalar om det vidare arbeidet. Det kan vere både lærerikt og nødvendig å høyre og sjå, men å gjere er likevel kongen!
Wenche Waagen, Institutt for musikk
For meg er det viktig å finne ut kvar studentane er i liva sine, kva musikalske preferansar dei har og kva dei kan. Dei reflekterer og presenterer i lærande fellesskap. Derfor rettleidde eg Øvingskollokvier i år, der vi gjer øvingsarbeidet til eit fellesanliggende, med kvarandre-vurdering som pedagogisk reiskap.
Arbeidsmarknaden krev høgt kvalifiserte instrumental-/vokalpedagogar, i kulturskular, programfag, høgare utdanning, og som leiarar i det breie fritidsmusikklivet i Noreg. Til det trengst eit mangfald av pedagogiske tilnærmingsmåtar. Ein god læringsprosess må likevel røre ved emosjonane, gi opplevinga, sansane og motivasjonen plass ved inngangen. Deretter analysane, modellane, omgrepa, og så metaperspektivet på eigen læring. Sentralt er den internaliserte og kroppsliggjorte kunnskapen.
Eg er på leiting etter «dei dyktige lærarane», dei som bringer unge elevar til topps som musikarar. Eg fann dei i kulturskulane, der dei driv talentutvikling gjennom progresjon, samspel og trygge læringsmiljø. Skuleslaget er lovpålagt i alle kommunar, har nasjonale styringsdokument og høgt utdanna musikkpedagogar. Mandatet til skulen er opplæring i kunstfag. I dette praksisfeltet blir våre studentar utplasserte, og her skal dei jobbe.
2017
Jan Frode Hatlen, Institutt for historiske studiar
Mine undervisningsopplegg forsøker å aktivere studentane, og synleggjere målet.
Eit viktig grep har vore å lage undervisningsopplegg med bruk av samarbeidslæring og loggar. God samarbeidslæring (inndeling av studentane i prosjektgrupper på 4-6 studentar) krev ei god gruppedynamikk. Ei slik dynamikk kjenneteiknast av sosial kompensasjon (det motsette kallast vagabondering), det vil seie positive synergieffektar der summen av gruppemedlemmane sine ytingar er større enn summen av det dei ville ytt individuelt. Dette oppnåast med klare oppgåver, instruksjonar og bruk av gruppekontraktar som studentane utformar sjølve og signerer. Eg har òg svært gode erfaringar med bruk av gjort-lært-lurt-loggar, for å stimulere til refleksjon og regulering av eigen læringsprosess.
Eg har trekt fram enkeltdelar av stoffet som eg meiner er døme på terskelomgrep, omgrep som er grunnleggjande for å forstå ein disiplin og forandrar studenten som menneske. Læring av terskelomgrep kjenneteiknast av at studentar i ein fase opplever omgrepa som vage, vanskelege – til og med «feil.» Læringsprosessar knytte til slike omgrep er ofte frustrerande.
Eg designar òg læringsopplegg som inkluderer kva studentane skal gjere heile veka. Dette synleggjer eg for studentane ved å stipulere kor mange timar eg meiner dei kjem til å bruke på ulike oppgåver, inkludert å lese pensum.