Eit springbrett til di draumekarriere!

Søknadsfrist
Utdanningsnivå
Fullført bachelorgrad
Fullført mastergrad
Utdanningsområde
Bygg og anlegg
Data og informasjonsteknologi
Energi og elektrofag
Matte, fysikk og nanoteknologi
Mekanikk, konstruksjon og marin teknikk
Miljø og bærekraft
Produkt- og industridesign
Økonomi, administrasjon og markedsføring
Type oppdrag
Internship / Trainee
Arbeidssted
Søre Sunnmøre
Arbeidsoppgaver
Analyse, databehandling, rapportering
Forretnings- og næringsutvikling
Industriell produksjon
Miljøvern/ressursforvaltning/bærekraft
Teknologi- og produktutvikling
Arbeidssted (fylke / by)
Møre og Romsdal
Informasjon om hvordan man søker
Lever søknad og CV, og spesifiser kva stilling(ar) du er interessert i.

Her får du moglegheita bli med på eit eittårige traineeløpet kor du blir ein del av eit utviklingsprogram med sosiale og faglege samlingar som gir deg eit unikt grunnlag for din vidare karriere. Spring Trainee tilbyr:

• Fagleg påfyll gjennom kurs, erfaringsutveksling og bedriftsbesøk

• Tilgang til Ulstein Næringsforum sine arrangement

• Moglegheita til å bygge nettverk blant innovative og framtidsretta bedrifter

• Ein nydeleg gjeng med engasjerte traineear

 

Vi søkjer unge nyutdanna som nyleg har gjennomført høgare utdanning. 

 

Høyrest dette interessant ut? Sjekk ut moglegheitene i Tussa og Brimer: 

 

Jobb med berekraft i Tussa

Tussa er stolte av å ta eit medvite samfunnsansvar. Vi gir eit positivt miljøbidrag på fleire område; vi produserer fornybar energi, vi leverer samhandlingsløysingar (IKT) som gjer transportbehovet mindre og vi leverer energieffektive installasjonsløysingar. Men Tussa erkjenner også at vi må gjere endå meir for at samfunnet skal lukkast med det grøne skiftet. Vi tek nye steg og har ekstra fokus på berekraftsarbeidet i konsernet.

Vi ønskjer ein initiativrik, strukturert, engasjert person som er oppteken av berekraft. Du må ha tru på visjonen vår om at vi har KRAFT til å skape framtidsretta og miljøvennlege løysingar.

Viktige arbeidsoppgåver vil vere:

• Ta del i berekraftsarbeidet i konsernet. Dette inneber bla. å samarbeide med berekraftsansvarleg, implementere berekraftsstrategi, sette deg inn i miljømål, drive intern opplæring, rettleiing og støtte, samt integrere berekraft i heile verksemda.

• Ta del i konsernet sitt arbeid med openheitslova

• Ta del i konsernet sitt arbeid som ISO-sertifisert etter 14001-standarden

Kvalifikasjonar:

• 3 til 5 års relevant høgare utdanning

• Gode norsk og engelskkunnskapar; både skriftleg og munnleg. Tussa har nynorsk som forretningsspråk.

• Evne til å samarbeide effektivt med ulike avdelingar og interessentar

Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.

Arbeidsstad: Ørsta

 

Bli ingeniørtrainee i Brimer

Brimer søkjer no etter ein nyutdanna ingeniør som ønsker ei spanande traineestilling innan eit av dei leiande selskapa for komposittstrukturar i heile Europa. Brimer er ein del av Entec Group AS, og leverer løysingar som sikrar reint vatn, trygge menneskjer og et meir berekraftig næringsliv. Du kjem til å bli del av ei spanande og tverrfagleg bedrift som er lokalisert med kontor- og produksjonsfasilitetar i Norge (Ulsteinvik, Sandvika, Gjøvik & Kvamsøy), og i Latvia (Saldus og Liepaja). Vår jobb er å sørge for at kundens verdiar er Protected for Life, enten det er reint vatn, god mat eller kritisk infrastruktur som olje-, gass- eller fornybare energiinstallasjonar.

Stillinga har følgande ansvarsområde og hovudoppgåver:

• FE berekningar med ANSYS

• Utarbeide kostnadseffektive og gode teknisk løysingar

• Følge opp produksjon, teikningsunderlag og kundekontakt, samt arbeide med nødvendig dokumentasjon knytt til det enkelte prosjekt

• Bistå prosjekt/innkjøp med teknisk underlag til førespurnadar på innkjøp

Vi ser etter ein person med følgande kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

• Grunnleggande god teknisk utdanning (Bachelor/Master), eksempelvis innan bygg, maskin, marin.

• God kommunikasjonsevne, munnleg og skriftleg på norsk og engelsk

• Fungere og trivest både åleine og som del av eit team

• Nysgjerrig, strukturert, effektiv, positiv, sosial og interessert i ny teknologi

 

Stillinga vil rapportere til Engineering Manager    

Arbeidsstad: Ulsteinvik / Sandvika

 

Søknadsfrist: 31. august

 

Spring Trainee vert gjennomført med midlar frå hovudsamarbeidspartnar, Sparebanken Møre, og midlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

 

Finn din plass i Norges mest innovative region - vi treng deg på laget!

 

Utdanning
Flyingeniør
Anvendt Datateknologi
Arktisk Klima og Teknologi
Automatisering og Intelligente Systemer
Biomarin Innovasjon
Bygg- og Miljøteknikk
Byggingeniør
Bygningsinformasjonsmodellering (BIM)
Byøkologisk Planlegging
Bærekraftig Arkitektur
Bærekraftig Energi
Bærekraftig Kjemi og Biokjemi
Bærekraftig Produksjon
Bærekrafts-, arbeidsmiljø- og sikkerhetsledelse
Cybersikkerhet og datakommunikasjon
Dataingeniør
Datateknologi
Digital Forretningsutvikling
Digital Infrastruktur og Cybersikkerhet
Digital Transformasjon
Elektrifisering og Digitalisering
Elektroingeniør
Elektronisk Systemdesign
Elektronisk Systemdesign og Innovasjon
Elkraftteknikk
Energi og Miljø
Fargebildeteknologi og Spektral Avbildning (COSI)
Finansiell Økonomi
Fornybar Energi
Fysikk
Fysikk og Matematikk
Global Produksjonsledelse
Globalisering og Bærekraftig Utvikling
Havressurser
Helseledelse i Havbruk
Hydrogensystemer og muliggjørende teknologier
Industriell Design
Industriell Innovasjon og Digital Sikkerhet
Industriell Kybernetikk
Industriell Økologi
Industriell Økonomi og Teknologiledelse
Informasjonsbehandling
Informasjonssikkerhet
Informatikk
Ingeniørvitenskap og IKT
Innebygde Datasystem
Internasjonal Business og Markedsføring
Kybernetikk og Robotikk
Kyst- og Marin Teknikk og Forvaltning
Ledelse av innovasjon og bærekraftig forretningsutvikling
Ledelse av Teknologi
Marin Fornybar Energi
Marin Robotikk og Kunstig Intelligens
Marin Teknikk
Markedsføring, Innovasjon og Ledelse
Maskin- og energiteknologi
Maskiningeniør
Matematiske fag
Materialteknologi
Matvitenskap, Teknologi og Bærekraft
Mekatronikk og produktdesign
Miljøforurensing og Toksikologi
Miljøteknikk
Miljøtoksikologi og Naturmiljøkjemi
Nanoteknologi
Naturressursforvaltning
NTNUs Entreprenørskole
Planlegging av Vannkraftutbygging
Produksjon 4.0
Produkt og Systemdesign
Produktdesign og teknologi
Produktutvikling og Produksjon
Programmering
Prosjektledelse
Regnskap og Revisjon
Samfunnsøkonomi
Sikkerhet og Skydatasystemer
Sikkerhet, Pålitelighet og Vedlikehold (RAMS)
Simulering og Visualisering
Siviløkonom
Skipsingeniør
Undervannsteknologi
Vindkraft
Webdesign
Webutvikling
Økonomi og Administrasjon
trainee
traineeprogram
bærekraft
bærekraftsmål
ingeniør
byggingeniør
Maskiningeniør