Kom i kontakt med arbeidslivet gjennom NTNU Bridge

NTNU Bridge er NTNUs offisielle koplingsportal mellom NTNU-studentar og arbeidslivet, for samarbeid om oppgåver, jobb og praksis. 

Som student kan du bruke NTNU Bridge til å komme i kontakt med arbeidsgivarar og finne relevante oppdrag, både under og etter studiane. Me dekker alle campus og fagområde. På NTNU Bridge finn du:

  • Sommarjobbar og deltidsjobbar under studia
  • Bachelor- og masteroppgåver i samarbeid med eksterne verksemder
  • Internships og traineestillingar tilpassa nyutdanna
  • Fulltidsjobbar i heile Noreg og utlandet

Opprett profil og få tilgang til alle utlysingar på NTNU Bridge! Du kan søke etter utlysingar for ditt studieprogram og utdanningsområde, i tillegg til stad og kva du ynskjer å arbeide med. Når du har avgjort kva du er på utkikk etter kan du lagre søket og få varsel om det dukkar opp noko nytt. Du kan også lagre interessante utlysingar i «favorittar» til seinare.

På same måte kan du søke blant registrerte arbeidsgivarar, og sjå kva utlysingar de har publisert tidlegare. Ynskjer du å skrive bachelor- eller masteroppgåva di med ei verksemd innan ein spesifikk bransje? Søk opp aktuelle kandidatar og send dei ein melding gjennom NTNU Bridge. De fleste vil sette pris på å bli kontakta! På same måte kan arbeidsgivarane søke opp aktuelle kandidatar i portalen. I profilen har du moglegheit til å vise kva du kan, gir du eit godt inntrykk her så kommer kanskje draumejobben til deg!

I tillegg kan du finne karrieredagar og andre aktuelle arrangement i vår arrangementskalender, reisemidlar til oppgåvesamarbeid og anna nyttig informasjon og kontaktar.


Her finn du ein kort videointroduksjon til NTNU Bridge for studentar

 

NTNU Bridge er eit gratis tilbod, og del av NTNUs karrieretjenester