Påfyll (pop.vit.arr.)
Påfyll - et populærvitenskapeleg talkshow
Påfyll gir fakta, populærvitskaplege aha-opplevingar, stoltheit og håp i løpet av 90-120 innsiktsfulle kveldsminutt på Parken kulturhus i Ålesund.
Gjennom talkshowformatet får du formidling og diskusjon om eitt aktuelt tema. Du får nærkontakt med dei som kan temaet frå ulike perspektiv, ein programleiar og artistinnslag. Målet er eit meir opplyst og kunnskapsbasert offentleg ordskifte. Vi har gått saman for å presentere frå den spennande forskinga som foregår her i regionen og viser fram Ålesund som kunnskapsby.
Påfyll har haust-oppstart den 14. oktober (18. september vert dessverre avlyst). Samfunnsikkerheit skal i fokus. Vi møtes kl. 19.00!
Smarte folk på Påfyll 14. oktober 2024
-
Desse er på 14. oktober 2024:
Dette er dei som skal bidra:
Vi presenterer:
- Nils Kalstad er direktør for nyetablerte NTNU Samfunnssikkerhet. Han ledet tidligere NTNUs fagmiljøer innen informasjonssikkerhet og kommunikasjonsteknologi, og har arbeidet mye i grenseflaten mellom akademiske miljøer og samfunnets behov for forskning og utdanning. Nils arbeider med organisasjoner, mennesker og deres bruk av teknologi. Han er særlig opptatt av hvordan vi skal ta vare på hverandre og våre felles verdier i en utfordrende geopolitisk situasjon.
- Arve Dimmen, er direktør for Navigasjonsteknologi og maritime tjenester i Kystverket. Han forteller om hvordan Kystverket blant annet overvåker og kontrollerer den sivile skipstrafikken langs kysten og i havområdene våre. Han belyser også temaet sivilt-militært samarbeid og besvarer spørsmålet: På hvilken måte støtter Kystverket Forsvaret i kriser, og hvordan bidrar den sivile etaten Kystverket til Norges totalforsvar?
- Marie Haugli-Sandvik, førsteamanuensis ved Institutt for Informasjonssikkerhet og kommunikasjonsteknologi ved NTNU Ålesund, har en doktorgrad innenfor maritim cybersikkerhet og menneskelige faktorer. Hun belyser utfordringene med at hjernen vår ikke er utviklet for å oppfatte og reagere på cyberrisikoer, og hvorfor tilpasset opplæring er avgjørende for å øke cybersikkerheten i samfunnets kritiske sektorer.
- Razak Seidu, er professor i vann- og miljøteknikk ved institutt for havromsoperasjoner og byggteknikk. Han vet mye om hvordan vi trygger drikkevannsforsyningen vår fremover og presenterer fra «The future of water in a digital age: opportunities and challenges». Razak står sentralt i spennende forskning som “DigiWater og Smart water» med målinger, modellering og simulering av vanninfrastruktur.
- Andreas Relling er gruppeleder på drift ledning og pumpe i Ålesund kommune og kan om det som rører seg under bakken, om drikkevannet, her i Ålesund. Sikkerhet innen vann og avløp må tas på alvor. Andreas formidler om daglige utfordringer lokalt og om noen av utfordringene vi har nasjonalt. Det er viktig for oss alle å ha tilgang på rent drikkevann og gode sanitære forhold i en krise. Hva gjør kommunene for å sikre disse tjenestene?
Om arrangementet
Praktisk arrangementinformasjon på sosiale medier
SoMe: På LinkedIn har vi oppretta ei samarbeidsside der kvart av PÅFYLL-arrangementa blir presentert. Det blir også oppretta Facebook-arrangement.
Billettar
Billettside: Billetter legges ut på aktuell dato på sidene til Parken kulturhus - vanligvis tre uker før.
Desse står bak
Innhaldsproduksjon og kommunikasjon: NTNU i Ålesund.
Forsking: NTNU, SINTEF, Møreforskning, Helse Møre og Romsdal HF, Atlanterhavsparken, Ålesund kommune.
Produsent: Framtidslaben/The NorthWest.
Teknisk koordinering: Parken kulturhus
Sponsor: Sparebanken Møre.
Grafikk: Grafisk senter NTNU.
Omtale
- Artikkel om lanseringa: Ny populærvitskapleg aha-oppleving i Ålesund - NTNU Nyheter
- Artikkel frå lanseringa: Suksessfull lansering av "Påfyll" - NTNU Nyheter
- Artikkel om Påfyll 2: Populærvitskapleg matprat på menyen i Ålesund - NTNU Nyheter
- Artikkel i UA om Påfyll 2: Vil ha forskerne ut av kontorene (universitetsavisa.no)
- Artikkel - førehandsomtale om Påfyll 3: Påfyll med ensomhet og håp om inkludering på menyen i Ålesund
- Artikkel - Helse Møre og Romsdal etter Påfyll 3: Påfyll: med einsemd på menyen - Helse Møre og Romsdal (helse-mr.no)
Smarte folk våren 2024
Desse har bidratt våren 2024
Desse har bidratt våren 2024
Thomas Seltzer er kjend som TV-personligheit, musikar og som forfattar. Han opptrer gjerne saman med mange, kjem einsam til Påfyll og likar det. Men temaet vert alvorleg når han samtalar om «Bowling Alone», som i stor einsemd. Å vere i einsemd er eit veksande samfunnsproblem og det gjer noko no med helsa vår, verda rundt.
Helen Berg er førsteamanuensis ved institutt for helsevitskap ved NTNU i Ålesund. Ho har VR-briller som forskingsreiskap og kan mykje om Virtuell verkelegheit – dvs. datateknologi som skaper ei oppleving av verkelegheita eller ei fantasiverd. Helen er forskar i forskings- og innovasjonsprosjektet VRINK. Der blir det sett på bruk av virtuell verkelegheit for å få til inkludering av barn og unge som er i, eller står i fare for, utanforskap. https://www.ntnu.no/ansatte/helen.berg
Lehart Kvalvik Eriksen, er prosjektleiar for VRINK i Ålesund kommune. I tett samarbeid med NTNU satsar kommunen på å styrke tenestene som jobbar med born og unge, på ei slik måte at fleire born og unge skal oppleve aktiv samfunnsdeltaking. Lehart jobbar tett på born og unge i Ålesund og vil saman med Helen formidle om erfaringar og muligheiter. Prosjektet er no i ei fase der VR skal tilpassast borna og ungdomane.
Kristian August Tjelle er PhD. kandidat ved NTNU og psykologspesialist ved Helse Møre og Romsdal. Han var kommunepsykolog under pandemien og fekk unikt innblikk i korleis denne perioden påverka born- og unge si psykiske helse. I dag behandlar han personar med sosial angst og andre angstlidingar ved Molde DPS, med intensiv eksponeringsbehandling. Kristian er oppteken av einsemda sin opphavelege funksjon, og korleis den i verste fall kan lure oss ut på ville vegar i møtet med det moderne samfunnet vi har i dag.
Jannicke Fugledal Remme er seniorforskar og forskningsleiar for gruppa Fiskeri, Havbruk og Prosessteknologi i SINTEF Ålesund. Ho jobbar med å utvikle nye produkt frå marint og animalsk restråstoff (næringsrike protein, omega 3 fettsyrer, kollagen, samt en rekke andre godsaker). Jannicke er interessert i teknologiutviklinga og at forskinga vert nyttiggjort av industrien. Ho er oppteken av at vi fullt ut utnyttar dei ressursane vi har, og ho snaka om korleis vi gjer dette i framtida også.
Bjørn Tore Nystrand har ei doktorgrad i samfunnsvitskap og han snakka om matvala våre og kvifor vi vel som vi gjer. Kva avgjer til dømes kva matvarer vi tek med oss heim frå butikken? Han er forskar hjå Møreforsking og er særleg av matåtferda vår og marknadsføringa av mat. I Mars snakka han mest om kva som skal til for at vi tør å prøve ny mat. Kvifor ikkje ete alt på fisken? Eller meir norsk tare? Og kva med tunikatane?
Sanna Matson har doktorgrad i marinbiologi. Hun jobbar på Møreforsking og kan mykje om dyrkinga av ulike «nye marine artar» , spesielt om tare. I samtalen forklarte ho oss korleis og kvifor vi bør bruke kysten vår for å dyrke bærekraftige råvarer. Visste du til dømes at ein kan dyrke masse protein i form av tunikatar og blåskjell berre ved å sette ut tomme tau i sjøen? Og at vi i Noreg, trass verdas nest lengste kystline, fortsatt importerer alger til sushien vi et frå Japan?
Joakim Hoff, held til på Atlanterhavsparken – vitensenteret. Som utdanna kokk og vinkelnar, med fleire tiår i matbransjen bak seg, formidlar han korleis vi kan utvide vår oppleving av mat. Torer nordmenn å bruke synet, luktesansen og hørsel sammen med smaksløkane sine meir i retning av det som skjer ute på restauranter i heile verda?
Lena Vatne Bjørlo er doktorgradskandidat ved Institutt for internasjonal forretningsdrift ved NTNU i Ålesund. Lena arbeidar med etiske utfordringar med kunstig intelligens, som korleis KI påverkar vala vi tek som forbrukarar. Ho retta merksemda på korleis KI medfører både fordelar og ulemper for oss.
Ottar Osen er dosent og nestleiar ved Institutt for IKT og realfag ved NTNU i Ålesund. Han har ansvaret for innovasjon og berekraft ved instituttet. Ottar forklarte korleis kunstig intelligens kan nyttast på avanserte teknologiske utfordringar og han er oppteken av korleis KI endrar samfunnet vårt.
Endre Grøvik er medisinsk fysikar ved Helse Møre og Romsdal og forskar ved NTNU i Trondheim. Endre såg på bruken av kunstig intelligens i medisin, og på ein enkel måte tok han oss med på ei inspirerande reise inn i helsevesen i framtida.
Erlend Magnus Lervik Coates er førsteamanuensis ved Institutt for IKT og realfag ved NTNU i Ålesund. Erlend har en PhD. i teknisk kybernetikk og underviser i automatisering og intelligente system. Han forskar på avansert styring av autonome skip, dronar og ubemanna fartøy. Erlend er oppteken av korleis kunstig intelligens påverkar studentlivet, ingeniørfaget og utdanningssektoren.