Forskningsdager i Ålesund
Forskingsdagane i Ålesund
Forskingsdagane i Ålesund
Dette er ein landsdekkande festival som gjennomfører mange fine arrangement der målet er å skape begeistring, entusiasme og forståing for forsking. I 2024 blir arrangementet igjen i september. Denne gongen er HELSE det nasjonale temaet.
Program 2024
Vi fyller på med arrangement og detaljar. Dette er klart:
16. september (mandag)
Bli med ut
Stad og klokkeslett: På Campus i Ålesund mandag 16. september. Sjå også Facebookside for arrangementet.
Målgruppe: Studentar.
Arrangør: NTNU i Ålesund, Sit (Studentsamskipnaden i Ålesund), Åss (Ålesund Studentsamfunn), Momentium - med støtte fra Sparebanken Møre.
God helse og å kome seg ut i naturen heng gjerne saman, viser forskinga. Slik vart det naturleg å få med oss ein liten tjuvstart på Forskingsdagane med eit konkret tiltak for studentar. Eit godt høve for eigenforsking på helse og kva fritida kan nyttast til i friluft. Bli med og oppdag nye turvener og spennande aktivitetar!
Cecile Skog har foredrag (påmelding) kl. 16.00.
20. september (fredag)
Opne gjesteforelesningar
Stad og klokkeslett: I Fogdegården (største salen i hovedbygget)
Målgruppe: Alle - som del av den årlege Kjemifestivalen vi har for biologistudentane 20. til 4. oktober.
Arrangør: NTNU Institutt for biologiske fag i Ålesund.
Program:
Kl. 12.00 Mingling i Vrimla
Kl 12.15 Velkomne til Kjemifestivalen 2024 i Fogdegården
Kl.12.30: Gjesteforelesar Katarina Christina Mølsæter i Helse Møre og Romsdal har forelesning om "Kan restprodukt etter slakt av laks dempe betennelsen i lungene til asmatikarar"?
Kl. 13.00 PAUSE
Kl 13.05 Gjesteforelesar Wenche Emblem Larssen frå Møreforsknings om "Med sans for kvalitet". Eit foredrag om korleis sansane våre tek inn maten. Her får du lære om samanhengen mellom sensorisk, mikrobiologisk og kjemisk kvalitet på mat.
Kl, 13.30 PAUSE
Der etter inndeling i gruppe for studentene og presentasjon av tema for de neste dagene av festivalen.
26. september (torsdag)
Markering: Sjukepleieutdanninga i Ålesund er 50 år!
Stad og klokkeslett: På Campus i Ålesund og på Amfi på Moa (Spjelkavik).
Målgruppe: Vaksne og studentar.
Arrangør: NTNU i Ålesund, Institutt for helsevitenskap Ålesund.
27. september (fredag)
Researchers' Night for vgs.
Elevar frå vidaregåande skular er inviterte til Researchers’ Night der dei møter forskarar, studentar og tilsette og får teste fenomen og aktivitetar knytta til forsking og naturvitskap.
Døme på aktivitetar: Prøve, teste, lage, smake, mekke, overraske, begeistre og glede.
Stad og klokkeslett: Atlanterhavsparken Vitensenter, 18.00 til 21.00.
Transport: Buss frå Moa. Rutebilstasjonen i sentrum av Ålesund og retur frå Atlanterhavsparken.
Hovudmålgruppe: Elevar ved vidaregåande skular på Sunnmøre. Invitasjonar er sendt ut med detaljar om skyss osv.
Arrangør: Atlanterhavsparken vitensenter, med bistand frå blant andre NTNU i Ålesund og Helse Møre og Romsdal HF.
ANDRE ARRANGEMENT PÅ CAMPUS I ÅLESUND I SEPTEMBER:
19. september (torsdag)
Den Maritime Klyngekonferansen 2024
Tema for årets konferanse er "Maritim kompetansekraft." Sjå program på eiga nettside.
24. september (tirsdag)
Open dag, NTNU i Ålesund, for elevar, skoleklasser og andre
Vi ynskjer elevea, skuleklasser, rådgivarar, lærarar og andre interesserte velkomne til open dag. Sjå program på eiga nettside.
Sjå også om dei nasjonale Forskningsdagane på nettsidene til Forskningsrådet.
person-portlet
NTNU arrangører
-
Rigmor Grete Einang Alnes
Kontakt 50års markering sykepleierutdanning -
Gro Audveig Hagen Bjørnøy
Kontakt på Kjemifestivalen -
Kari Hellebust Buvarp
Koordinator studentarr. Bli med ut. -
Heidi Bostad Roaldsand
Koordinator Researchers' Night -
Eli Anne Tvergrov
Koordinator for NTNU i Ålesund for Forskingsdagane i Ålesund 2024