Seksjon for eigedomsservice
Seksjon for eigedomsservice
Seksjon for eigedomsservice
Seksjonen har eigedomsforvaltning, inn- og utleige, saksbehandling og FDVU (Forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling) i sin portefølje. Denne seksjonen har og eit spesielt ansvar for dialog og koordinering med brukarane av Eigedomsavdelinga sine tenester.
Seksjonens leiar er Stian Foldal.
Tenester og kontakt
Tenester og kontakt
Servicesenter for eigedom er førstelinje og kommunikasjonsknutepunkt mellom brukarar og eigedomsavdelinga ved NTNU.
Ansvarsområde deirar inkluderer:
- Vere kommunikasjonsknutepunkt for eigedomsområdet.
- Motta og saksbehandle førespurnader knytt til NTNUs bygningsmasse og uteareal.
- Sikre god informasjon til brukarar om tekniske anlegg, prosjekt, sjenerande arbeid, parkering og uteområde.
- Prosesseigar for e-vaktmeister, parkering, arrangement, ombyggingssøknader og utleige av riggplassar.
- Postfordeling i ePhorte i eigedomsavdelinga.
Fagleiar Servicesenter for eigedom: Trond Øyum
Kontakt
Telefon:
91 89 76 96
(08:00 - 11:30 og 12:00 - 15:00)
Faggruppe Eigedomsforvaltning har ansvar for inn- og utleige til interne og eksterne leigetakarar, forvaltning av internhusleigeordninga, kjøp, sal og feste av eigedom, kommunikasjon med brukarar og arealforvaltning.
Ansvarsområde:
- Eigedomsavdelinga sin hovudkontakt for interne og eksterne leigetakarar
- Sikre Eigedomsavdelinga sine inntekter frå internhusleige og ekstern utleige
- Vere rådgjevar for arealeffektivisering overfor interne leigetakarar, inkludert kvalitetssikre ønskjer og behov opp mot krav, moglegheiter og reell arealsituasjon
- Tilretteleggje for at innleige og utleige kan gjerast til NTNUs beste, inkludert kartleggje behovet til fagmiljøet opp mot NTNUs kvalitetsmål
- Sikre at NTNU er ein profesjonell eigedomsforvaltar
Fagleiar: Sidsel Kristiansen
Kontakt: kontakt@eiendom.ntnu.no
FDVU-gruppa har det administrative ansvaret for at forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av NTNUs bygningsmasse er sporbar, arkivert og tilgjengeleg for alle i organisasjonen.
FDVU er Eigedomsavdelinga sin hovudkontakt for interne og eksterne spørsmål om teknisk dokumentasjon av NTNUs eigedomsportefølje, som dokument, 3D-modellar og teikningar.
Ansvarsområde:
- Sikre teknisk dokumentkontroll etter fullførte prosjekt.
- Sørgjer for at all relevant teknisk dokumentasjon arkiveres og lagres på ein forsvarleg måte, slik at den er tilgjengeleg for framtidige behov som vedlikehald, utvidingar eller revisjonar.
- Kontinuerleg oppfølging av teikningar over NTNUs eigedomsportefølje slik at dei til ei kvar tid er oppdaterte og fungerer mot integrerte applikasjonar og viser bygga «slik dei er i dag».
- Teknisk og administrativ oppfølging av Lydia.
- Teknisk og administrativ oppfølging av Mazemap.
Kontakt: kontakt@eiendom.ntnu.no
Fagleiar: Fride Linn