Planer og føringer for eiendom
Planer og føringer for eiendom
Planar og føringar for eigedom
Her har får du ei samla oversikt over planar og føringar for NTNU sine eigedomar.
Merk at NTNU sin masterplan for bygg- og eigedomsutvikling 2025–2050 er den overordna planen for framtidig utvikling bygg og eigedomar.
Sjå masterplan for bygg- og eigedomsutvikling
Campusplanar for NTNU
NTNU har dei siste åra arbeidd breitt med overordna planlegging og strategiar for campusutvikling. Utvikling av hovudcampus Gløshaugen skjer blant anna i regi av NTNU Campussamling.
I Ålesund og Gjøvik er det utarbeidd nye campusplanar i etterkant av fusjonen. For Havromslaboratoriet på Tyholt blir det no arbeidd med ein ny overordna plan knytt til utbyggingsprosjektet.
Når det gjeld dei byintegrerte campusane på Øya og Kalvskinnet, vil den kommunale arealplanlegginga leggje føringar for vidare overordna utvikling gjennom dei reguleringsplanane som er gjeldande for områda. Utvikling av campus Dragvoll blir framleis styrt etter dei planane som vart lagde ved etableringa av anlegget i 1973.
Kvalitetsprogram for campusutvikling
Campusutvikling handlar ikkje først og fremst om å byggje, men om korleis utviklinga av fysisk infrastruktur i samanheng med utvikling av organisasjon og teknologiske løysingar legg til rette for at NTNU kan løyse samfunnsoppdraget sitt.
Kvalitetsprogram for campusutvikling definerer kva for kvalitetar campus må ha for å kunne bidra til at NTNU når måla sine.
Prinsipplan for NTNU sin campus på Gløshaugen
Prinsipplanen er NTNU sitt rettleiande dokument for den overordna utviklinga av campus, og viser dei overordna fysiske plangrepa som legg til rette for at NTNU når måla sine.
Fagleg lokalisering
I samband med campussamlinga i Trondheim er det jobba med kvar fagmiljøa skal utvikle seg vidare i ein samla campus. I slutten av mars 2019 vedtok rektor overordna plassering av fagmiljø i ein samla campus i Trondheim.
Arealkonsept for Campus NTNU
Det blir presentert eit overordna arealkonsept for Campus NTNU. Arealkonseptet skildrar kva behov som skal tilfredsstillast ved nybygg og ombygging, og ein standard for korleis desse skal løysast både funksjonelt og i forhold til arealdisponering. Arealkonseptet for CAMPUS NTNU er Eitt sentralt Knutepunkt. Konsentrerte varierte læringsstrøk og tilpassingsdyktige arbeidsplassar.
Kvalitetsmål for bygg og utomhus
NTNU sine kvalitetsmål for bygg og utomhus stør opp om dei overordna kvalitetsprinsippa og skal vere førande for utvikling av våre bygg og anlegg på alle NTNU sine campusar, både nye og eksisterande.
Retningslinjer for namnsetjing av bygningar ved NTNU
Bygningar som NTNU forvaltar, skal som hovudregel ha eit namn som identifiserer bygningen og gjev ein positiv assosiasjon for brukarar og besøkjande, og som gjer det lettare å finne fram. Bygningar som Statsbygg eller andre aktørar eig og forvaltar, og der NTNU har permanent tilhald og er hovudleigetakar, bør også gjevast bygningsnamn etter avtale med byggeigar.
Les meir om Retningslinjer for namnsetjing av bygningar ved NTNU.