Om eigedomsavdelinga
Eiendomsavdelingen
NTNU Eigedomsavdelinga består av over 400 medarbeidarar med kompetanse innanfor mange ulike fagområde som campusutvikling, eigedomsforvalting, prosjektleiing, VVS, elektro, bygningsvedlikehald, landskap, vakt og sikring, reinhald, transport og parkering.
Avdelinga er delt opp i 5 seksjonar/område:
-
Seksjon for eigedomsdrift
-
Seksjon for vedlikehald eigedom
-
Seksjon for eigedomsservice
-
Seksjon for berekraftig eigedomsutvikling
-
Eining for støttetenester, eigedomsavdelinga
Eigedomsavdelinga sine ansvarsområde
NTNU er eit sjølvforvaltande universitet der eigedomsavdelinga tek hand om sjølvforvaltarrolla knytt til strategisk og taktisk eigedomsforvalting, og har oppgåver knytte til operativ eigedomsforvalting som utføring av drift og vedlikehald, forsyning, reinhald og andre serviceoppgåver.
Avdelinga har ansvaret for NTNU sine eigedomar i Trondheim og har desse arbeidsområda:
-
Operativ eigedomsforvalting som drift og vedlikehald, forsyning, reinhald, parkering og andre serviceoppgåver.
-
Kvalitetsmål og overordna prinsipp og føringar for forvalting, drift, vedlikehald og utvikling (FDVU).
-
Overordna og strategisk planlegging av vedlikehald, utvikling og arealbruk.
-
Campusutvikling, t.d. utvikling av læringsareal og fellesareal, analysar og utgreiingar.
-
NTNU sin miljøutviklingsplan – koordinering og rådgjeving.
-
Innleige og utleige av areal og eigedomar, internhusleige.
-
Prosjektleiing frå konseptutvikling til bygningane blir tekne i bruk, prosjekteigarrolle.
-
Brukarkoordinator/prosjektleiar ved ombyggingar i leigde bygg.
-
FDV-dokumentasjon, inkludert teikningsarkiv.
-
Eigarrolla/sjølvforvaltarrolla som nabo- og myndigheitskontakt.
-
Kjøp og sal av eigedom.
Sjå også: Planar og føringar for eigedom
Ambisjonen og strategien for eigedomsavdelinga med 4 fokusområde utgjer utgangspunktet for arbeidet vårt. Dei 4 fokusområda er:
-
Strategisk og fysisk campusutvikling
-
Kunnskap og kompetanse
-
Berekraft
-
Eitt NTNU
Sjå ambisjonen og strategien vår:
NTNU Eigedomsavdelinga – framtidsretta og tverrfagleg samarbeid for eitt NTNU (PDF)
Eigne eigedomsfunksjonar i Ålesund og Gjøvik
Det finst eigne eigedomsfunksjonar ved NTNU i Gjøvik og NTNU i Ålesund som rapporterer til viserektor og fagleg til eigedomsdirektøren